Middagsrestar sikra Håvard dette revemøtet

NÆRKONTAKT: Her lokkar Larsen til seg reven med litt lettsalta torsk. Bildet er henta frå hans Instagram-profil.

NÆRKONTAKT: Her lokkar Larsen til seg reven med litt lettsalta torsk. Bildet er henta frå hans Instagram-profil. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: – Til slutt var det ein rev frå Angedalen som lurte ein annan rev, seier Håvard Larsen.

DEL

To leikne hannkattar fekk seg ein nokså uvanleg kamerat, og gardbrukar Håvard Larsen fekk ei tilsvarande uvanleg oppleving då han kom ut frå fjøset i Angedalen på torsdag.

– Eg forstod ikkje kva dei heldt på med. Eg trudde det først var ein hund, men då eg kom nærare, så oppdaga eg at det var ein rev, seier Larsen.

Og ikkje før Larsen oppdaga reven, oppdaga reven også han. Då fekk den fart på seg.

– Den skvatt til, og for som eit olja lyn opp på smietaket, seier han.

Leiken kvalp

Reven, som Larsen er rimeleg sikker på var ein kvalp, var svært tam og nyfiken. Så med litt middagsrestar med lettsalta torsk, fekk han lokka den til seg og ned frå taket. Dette tok også ein kamerat bilde av, som seinare vart lagt ut på Instagram.

– Den vart rimeleg begeistra for maten. Til slutt var det ein rev frå Angedalen som lurte ein annan rev, seier Larsen.

Reven hoppa då ned frå taket på det lågaste punktet, før den på ny byrja å leike med kattane. Då leiken byrja å bli litt meir røff, tok Larsen reven litt i nakkeskinnet for å sikre seg at den «ikkje knerta kattane heilt», som han seier.

Tok selfie med rev på motorsykkeltur

Dette er heller ikkje første gong Angedølen får nærkontakt med ein revekvalp.

Sommaren 2015 skreiv Firda om då han tok ein selfie med ein revekvalp han møtte på motorsykkeltur. Eit møte som også vart omtala av mange andre aviser.

– Kva er det med deg og revar? Du verkar til å ha svært god kjemi med dei?

– Tja, det spørst om vi har ein god tone. Eg har kanskje litt ekstra teken på dei? Det gjeld i alle fall å halde seg roleg, seier Larsen.

Om han no har fått seg ein fast gardsgjest no når kattane hans har blitt kjent med reven, samt at han sjølv har bydd den på middagsmat, er han usikker på.

– Ikkje godt å vite. Det er mykje rart som kjem rekande her i Angedalen, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken