Gå til sidens hovedinnhold

Kunstverket Laksen må sparast

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Formannskapet i Sunnfjord kommune handsama i møte 26.11.20 sak 219/20, plan for detaljregulering av bruløysing mellom Hafstadparken og Angedalsvegen.

Frå kommunedirektøren låg det føre tilråding om at alternativ 5 i saksutgreiinga, datert 02.11.20, skulle leggast til grunn for vidare arbeid med planlegging av ny fylkesveg med bru frå Hafstadparken til Angedalsvegen. Vidare vart det tilrådd rundkøyring som kryssløysing.

Tilrådinga er i samsvar med fagmyndet i Førdepakken sitt notat til saka.

Styret i Sunnfjord Kunstlag vil gje til kjenne vårt syn på vedtaket i Formannskapet.

Fyrst er det greitt å slå fast at ingen av dei to alternativa som formannskapet tok stilling til i møtet, alternativ 5 og alternativ 7, fullt ut imøtekjem alle interesser og omsyn som knyter seg til tilkoplingsområdet i Angedalsvegen.

Ved å velje alternativ 5 får ein plass til ei 9ar-bane (der ein i dag har 11ar-bane), Laksen vert bevart, ein får ei logisk og naturleg linje for gata, krysset og brua og ein vil få avkøyring til Festplassen frå rundkøyringa.
Ved å velje alternativ 7 oppnår ein å bevare 11ar-bana (kunstgrasbana), Laksen må fjernast eller flyttast, ein får god framkomst, men mange svingebevegelsar for dei som kjem frå Hafstad og skal mot sentrum og Festplassen må ha eiga avkøyrsle frå Angedalsvegen.

Styret i Sunnfjord Kunstlag vil med ein gong slå fast at Laksen, som kunstverk, ikkje kan flyttast og oppattbyggast ein annan stad!
Her lyt ein kort og godt gjere seg opp ei meining om ein er villig til å destruere den lengste skulpturen i Noreg, til fordel for å legge til rette for ei mindre god trafikal løysing (alt. 7) og for å vareta kunstgrasbana som 11ar-bane i staden for 9ar-bane.
11ar-bana kan erstattast annan stad. Meir om dette seinare.

Laksen, som sett frå styret i Sunnfjord Kunstlag si side, er avgjerande viktig å ta vare på, er eit verk det hefte vanlege opphavsrettar til, i høve Åndsverkloven av 15. juni 2018 nr. 40. Kunstnaren, danske Jørn Rønnau, har, etter det som vart opplyst i møtet i Formannskapet, ikkje sagt seg villig til at kunstverket kan raserast. Etter det vi skjønar, har kommunen kontakt med kunstnaren. Eventuell konflikt om dette, som kan oppstå ved å gå vidare på alternativ 7, kan i verste fall føre med seg både juridiske og økonomiske utfordringar ein ikkje har oversyn over.

Ein kan heller ikkje sjå vekk frå bakgrunnen og historikken for denne mest kjende kunstinstallasjonen i kommunen. Miljøkunstveka, som vart stelt i stand av Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane i 1989, skapte eit kunstengasjement i Førde og langt utover, som ein vel ikkje har sett maken til her, før eller seinare. Og det mest spektakulære minnet ein har etter denne happeningen, er nettopp Laksen, som var ferdigstilt i 1991. Ja, Jørn Rønnau har dei kunstnariske opphavsrettane, men det må heller ikkje gløymast at det folkelege engasjementet og deltakinga ved bygging av Laksen var så stort, at det er mange som framleis i dag kjenner på ein eigarskap til skulpturen.

Raserer ein Laksen øydelegg ein samstundes eit folkeeige i Førde!

Fleirtalet på 6 i Formannskapet (AP og SP), går inn for alternativ 7, med to tilleggspunkt i si tilråding. Det eine om optimalisering av linjeføring/trasé, det andre om at det må arbeidast med å finne løysingar for korleis ein kan vareta Laksen ved realisering av veg/bruprosjektet.


Dette siste vert, etter vårt syn, å kaste blår i auga på folk.

Førdepakken sitt notat, seier beint ut at Laksen, ved å velje alt. 7, må fjernast eller flyttast.

Det er difor vår oppfatning at ein, ved å velje alternativ 7, samstundes vel å tilrå rasering av Laksen, eit kulturelt kjennemerke for Førde, etter som kunstverket, med alt som knyter seg til dette, ikkje kan flyttast.

I fellesframlegg frå H og V var det òg lagt inn eit tilleggspunkt i samband med deira tilråding om å velje alt. 5. Etter dette skal reduksjonen frå 11ar-bane til 9ar-bane ved Førdehuset, oppvegast ved at 9ar-bana på Halbrend vert utvida til 11ar-bane. Garderobefasilitetar vil det vere i den nye hallen. Kostnadane ved dette skal, etter føresetnaden, dekkast inn av Førdepakken.

Kommunalsjef for skule og kommunalsjef for kultur og idrett, har begge konkludert med at det er akseptabelt med ei 9ar-kunstgrasbane ved Førdehuset.

Det vert halde fram at det er avgjerande viktig å ta vare på området framom Førdehuset. Vi er i utgangspunktet samde. Kryssløysinga, og det gjeld uavhengig av alternativ og om ein vel rundkøyring eller T-kryss, må få innverknad på det nærliggande uteområdet til Førdehuset og Festplassen/Parken. Det siste området ser vi som ein naturleg del av heilskapen kring Førdehuset. Plandokumenta syner at ein ved å justere ned 11ar-bana til 9ar-bane, slik alt. 5 vil medføre, vil få eit opnare, luftigare og meir tiltalande område framom Førdehuset enn ein kan rekne med om 11ar-bana skal haldast oppe (alternativ 7). Området får eit løft. Samstundes vil Parken/Festplassen, med sitt utviklingspotensial, i mindre grad verte rørt ved, ved å velje alternativ 5 framfor 7.

Til fordel for val av alternativ 5, kan òg nemnast at dette venteleg fører med seg mindre inngrep i den verna elveforbygginga, eit kulturminne i seg sjølv. Linjeføringa gjev ei meir logisk og urban løysing, der ein m.a. unngår ei skarp kurve frå brua og inn i rundkøyringa. For naturmangfaldet (der ingen av alternativa er optimale) er alternativ 5 best og det same gjeld for landskapsbildet. Kostnadsmessig er alternativ 5 rekna marginalt betre enn alternativ 7. Alt ifølge den faglege utgreiinga til saka.

Ved avrøystinga i Formannskapet vart AP og SP sitt framlegg vedteke, med 6 (AP og SV) mot 5 røyster.

Styret i Sunnfjord Kunstlag set si lit til at kommunestyret, som skal ta den endelege avgjerda i saka, vel å legge vekt på at Kulturkommunen Sunnfjord framleis skal stå fram som det, og ikkje gjer vedtak som inneber destruksjon av Laksen.

Spar Laksen – gå inn for alternativ 5!

Les også

– Bilfolket har erobra sentrum, sa Jørn (75) då han skapte Laksen. No har bilane overkøyrt kunstverket

Les også

Ei bru til bry

Les også

Flytt kunstverket Laksen, spar området framfor Førdehuset og bygg bilbru over Jølstra!

Kommentarer til denne saken