Vil ha mindre søppel på YouTube

Gro Anette Heggheim, Jawana Thayaseelan og Andrea Olsen Eide.

Gro Anette Heggheim, Jawana Thayaseelan og Andrea Olsen Eide. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Så no lærer ungdommen å lage skikkeleg film.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Hafstad vidaregåande skule var i dag samla i Førdehuset, for å inspirasjon til å lage betre videofilmar.

– De skal hjelpe oss å bli kvitt all «driten» på YouTube, opna regissør Andreas Altermark med å fortelje ungdommane, og samstundes synte han fram ein kollasj av mindre heldige klipp som ligg ute på videodelingstenesta.

Og klippa vekte latter i salen blant dei mange elevane.

– Noko av føremålet med dette er at vi vil at ungdommen skal få litt fleire verktøy når dei skal lage filmar, seier Stian Fagerlid, som er tidlegare nyheitsfotograf og no er lærar på Firda vidaregåande skule.

Hjelpefilmar

– Det er klart vi har tru på at ungdommen skal heve kvaliteten på videoane som vert leverte. Det er her vi finn framtidig filmregissørar. Og no har vi som mål at dei plukka opp nokre enkle verkemiddel som gjer det mogleg å lage endå litt betre filmar, seier Fagerlid.

Han og Altermark har i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune og den kulturelle skulesekken (DKS) utvikla ei nettside med kortfilmar, der motivasjonen er å få auka kvaliteten på videoane som vert laga.

– Vi veit jo at ungdom lagar mykje film no. Vi ønskjer at dei skal få moglegheita til å verte endå flinkare, og at dei samstundes får med seg litt av historia bak filmkunsten, seier koordinator i DKS, Øyvind Høstaker.

I skulen

– Også skal video vere eit reiskap som kan nyttast i skulen. Digital kunnskap ligg inne i læreplanen som ein av basisferdigheitane ein skal lære i skulen, seier Altermark.

Fagerlid, som er lærar på Firda vgs., fortel at dei allereie no forsøker å utvide elevane sin kompetanse på video.

– I medieklassen er ein naturlegvis langt framme på slikt, men vi har eit ønskje om at ein skal få resten av skulen og med. Til dømes har idrettsfag ved Firda nytta video som ein måte å utvikle teknikk på. Då filmar dei seg sjølv, og analyserer øvinga etterpå, seier han.

– Nyttig

Og elevane på Hafstad som var til stades tysdag, var godt nøgde etter 45 minutt med videoar og konstruktive innspel frå Altermark og Fagerlid.

– Vi har fått gode innspel i arbeidet med video. Spesielt på det med planlegging. Dette blir med på å gjere filmane betre, sjølv dei spontane, seier Andrea Olsen Eide (18).

– Vi har stort sette berre laga film i forbindelse med skule. Men det er jo noko eg kunne tenkt meg å gjere meir av, seier Gro Anette Heggheim (17).

– Det har vore veldig lærerikt i dag, og det er moro med film, seier Jawana Thayaseelan (17)

Artikkeltags