Etter to år i Høyanger flyttar UKM-festivalen til Måløy

FLYTTAR: UKM flyttar frå Høyanger til Måløy. Her frå eit arrangement tidlegare år.

FLYTTAR: UKM flyttar frå Høyanger til Måløy. Her frå eit arrangement tidlegare år. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KULTUR: Festivalen blir arrangert frå 29. til 31. mars i Nordfjordhallen.

DEL

– Vi lovar ein flott festival der ungdom skal få sette sitt preg på alle sider ved arrangementet slik det skal vere når det er UKM-festival.

Det seier Odd Gunnar Myhre, tenesteleiar for kultur i Vågsøy kommune i ei pressemelding.

Kring 250 ungdommar frå heile fylket er venta til Måløy under festivalen. Kommunen har alt starta planlegginga. Fylkeskommunen er også med i samarbeidet.

– Det kjem til å bli ein veldig bra festival, seier Eva Kristin Svidal, fylkeskontakt for UKM i Sogn og Fjordane.

Artikkeltags