Ute med si første bok - i ein alder av 88

Henrik Skorven (88) strålte under boksleppet onsdag.

Henrik Skorven (88) strålte under boksleppet onsdag. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Henrik Skorven (88) har alltid vore glad i lyrikk. I går slepte han si første bok, Nynorsk Lyrikk.

Fødd i Sunnfjord

Med 25 nynorske diktarar og til saman 220 dikt samla i ei bok, hadde 88-åringen god grunn til å vere nøgd under boksleppet på Libris i Førde onsdag.

Skorven er busett i Oslo, men er fødd og oppvaksen i Gjelsvika i Askvoll. Han budde i Sunnfjord fram til krigstida. Då reiste han Austover, men kom attende nokre år for å gå på skule på Mo.

Lånte Jakob Sande

I barndommen var der ikkje så mange bøker som fanst i bokhylla, men verk av Jakob Sande vart gjerne lånt av andre.

Skorven vart etter kvart nyfiken på å få vite meir om forfattarane bak lyrikken han likte så godt.

– Eg brukte ein del tid framfor bokhyllene på leit etter bøker om lyrikarane, seier han.

I lyrikkgruppe

Då Skorven vart pensjonist, melde han seg inn seg inn i lyrikkgruppa på Furuset eldresenter på Austlandet. Då byrja interessa for lyrikk å bli stor. Ca 20 år seinare vart resultatet ei bok.

Lyrikarar som Jakob Sande, Tarjei Vesaas og Kristoffer Uppdal er blant dei som har fått plass i boka.

– Ei slik bok er ikkje gjeve ut før. Det er stas å kunne gi den ut, seier Torkjell Djupedal i Selja forlag. Han meiner dette er ei bok med nasjonalt potensial.

Artikkeltags