Torsheim underheld når lutefiskelskande bergensarar skal kose seg på lutefiskfesten i Bergen fredag kveld.
- Eg skal trakke til, seier Torsheim til ba.no.
I fjor måtte han avlyse lutefiskfesten på grunn av si eiga 70-årsfeiring, men i kveld er multikunstnaren frå Førde tilbake med sang og skjemt for eit lutefisketande publikum.
Torsheim var også med på arrangementet i 2006 og 2007.
I kveld står han på scena saman med Helge Jordal, Mads Eriksen, Jon Hjørnevik og fleire.
- Det blir mykje Beatles og slikt i min tapning, seier Torsheim.