«Taus» trefte publikum heime

Sigrid Terese Moldestad frå Breim under premieren på TAUS i Bergen fredag 13. april 2007.

Sigrid Terese Moldestad frå Breim under premieren på TAUS i Bergen fredag 13. april 2007. Foto:

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

BERGEN: Sigrid Moldestad si førestilling med musikalsk kvinnehistorie trollbatt publikum.

DEL

-Sigrid Moldestad lokka fram både tårer og gapskratt hos publikum, samstundes som ho nådde fram med historia om dei kvinnelege felespelarane frå Nordfjord og Sunnmøre på 1700 og 1800-talet, fortel Reed.

Imponerte
-Vi var på eit kurs i Bergen, og eg hadde med meg mange som aldri ville ha gått på førestillinga om dei såg annonse for den i avisa. Dei er meir heime i rocke- og visemiljø. Men dei vart alle gripne av det dei såg, og var imponerte over Moldestad og dei andre på scena, fortel Reed.

Med seg i førestillinga har Sigrid Moldestad Sigbjørn Apeland på trøorgel, Anders Hall som spelar bratsj, fele og hardingfele og Jørgen Sandvik på gitar, banjo og mandolin.

Stykket vart synt i Bergen denne helga, og skal ha nypremiere under Folkemusikkfestivalen i Førde 8. juli. Den skal også ut på turne i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal til hausten.

Forteljarkunst
Reed legg til at forteljinga som kjem fram handlar om felespelande damer, eller tauser som det heiter på dialekt, som etter kvart blei tause.

-Sigrid får dette fram på ein fantastisk måte. Ho imponerer, ikkje berre som felespelar, men også som songar og med sin forteljarkunst, seier Reed.

Måndag kveld kan du sjå opptak frå førestillinga «Taus» på NRK-programmet Store Studio. Der er også Sigrid Moldestad gjest i kveld.

Artikkeltags