Gå til sidens hovedinnhold

Straumlaust i Bremanger

Artikkelen er over 13 år gammel

Svelgen i Bremanger vart utan straum torsdag kveld. Straumbrotet omfatta også verket til Elkem.

Det er vitne som opplyser til firda.no at Svelgen vart mørklagt etter lynnedslag torsdag kveld.

Direktør for samfunnskontakt i Elkem, Johan Chr. Hovland, stafestar at også silgrain-verket til Elkem i Svelgen er råka:

- Det har gått lyn i området, og det som ofte skjer då er at kraftverksmaskinene fell ut. Dermed må maskineriet køyrast opp att. Men dei tilsette er godt trent i det.


- Byggjer opp att

Silgrainproduksjonen i Svelgen er mindre utsett ved eit straumbrot enn det aluminiumsverka er:

- Ved verket må dei bygge opp att dei ulike delane av nettet, og det er eit nitidig arbeid, seier Hovland.

- Men normalt sett skal det ikkje ta lenger tid enn at det er relativt udramatisk for verket. Og slik det ser ut no har dei god tid på seg.

Straumen i Svelgen kom att kring klokka 23.30.

- Ikkje tid til å svare

Ved vaktsentralen til Sogn og Fjordane Energi fekk firda.no opplyst at det var driftssentralen som måtte svare for dette, og at det var hektisk. Der er derfor uvisst kva andre deler av Sogn og Fjordane Energi sine område som eventuelt er straumlause.

- Har ikkje tid å prate med deg, var alt firda.no fekk opplyst ved driftssentralen til Sogn og Fjordane Energi torsdag før dei la på. Dei ville verken stadfeste eller avkrefte om større område var utan straum.

Også Sunnfjord Energi hadde torsdag kveld hatt nokre utkoplingar, men dei stadfestar at problema ser ut til å vere større lenger nord.