Spelte inn musikkvideo i Stongfjorden

Den amerikanske søsken-duoen Larkin Poe, slepte nyleg ein musikkvideo spelt inn i Stongfjorden i oktober. No har videoen allereie over 1000 visningar på youtube. Biletet er frå release-konserten på Hønsehagen Vinkjeller no i helga.

Den amerikanske søsken-duoen Larkin Poe, slepte nyleg ein musikkvideo spelt inn i Stongfjorden i oktober. No har videoen allereie over 1000 visningar på youtube. Biletet er frå release-konserten på Hønsehagen Vinkjeller no i helga. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Lokal Cadillac-eigar på køyretur med amerikansk artist-duo.

DEL

Fredag og laurdag vitja det amerikanske bandet "Larkin Poe" det intime konsertlokalet Hønsehagen Vinkjeller i Stongfjorden, men dette er ikkje første gong bandet er på besøk, fortel Synne Lindgren Alsaker, som står bak musikkarrangementa til Sunnfjord GeoCenter, som blir halde i Hønsehagen.

For Alsaker fortel at då bandet vitja Norge i oktober, hadde dei også med seg utstyr for konsertopptak. Bandet bestemte seg då for spele inn ein musikkvideo til deira nyaste single, som hadde sleppdato no 4. februar (sjå videoen i botnen av saka).

- Det er nesten litt ubegripeleg, seier Alsaker.

Lokal Cadillac

I videoen, sit søstrene Rebecca og Megan, som utgjer Larkin Poe, i baksetet i Erling Paul Eikemo, frå Askvoll, sin 62-series Cadillac 1959-modell, som elles vart henta i statane i fjor.

- Eg vart vel i grunn headhunta, då dei visste at eg hadde den bilen, smiler Eikemo, som henta bilen sin i USA for litt over eit år sidan.

- Då eg fortalde dei vegen bilen hadde køyrt, då eg henta den til Norge, sa dei at eg ikkje hadde køyrt mange minutt unna huset deira i Georgia, i Virginia, seier Eikemo, som fortel vidare at det var spesielt å ha dei to amerikanske artistane i baksetet på amerikanaren sin.

I musikkvideoen glir den karakteristiske Cadillac'en over vestlandsvegar i Stongfjorden, ved Grimelida og ned mot Vågen og sjøen, og amerikanske billinjer og musikk blir blanda med vestlandsnatur.


Over 1000 visningar

Til no, vel eit døgn etter den vart slept, har videoen allereie over 1000 treff på youtube.

- Det er litt surrealistisk, men eg synest det er kjekt, seier Eikemo, som gler seg over merksemda han trur vesle Stongfjorden no vil få grunna dette.

- Eg trur det er berre eit spørsmål om tid før dei slår verkeleg igjennom, seier Eikemo.

Kjem konsert-DVD

Synne Lindgren Alsaker er også strålande nøgd med merksemda dei har fått på den vesle tida konserttilbodet har eksistert ved Sunnfjord GeoCenter.

- Vi har fått reklame vi aldri kunne betalt for, seier Alsaker, som fortel at Larkin Poe ikkje er nokon "kven som helst", og at dei blant anna har turnert saman med Garth Brooks og Elvis Costello.

Og i mars kjem endå meir merksemd kring bandet, og konsertane i Stongfjorden, då Larkin Poe slepp ein konsert-DVD, beståande av opptak frå to intimkonsertar i Hønsehagen.

- Det er mange gonger eg har måtte sett meg ned for å summe meg, seier Alsaker, som siktar til veksten og artistane dei har fått på plass i Hønsehagen Vinkjeller på berre litt over eit år.

- Men vi kunne aldri fått til dette utan tilrettelegging frå kommunen. Dei var raske då vi først fekk tilbodet om dette, seier arrangøren.

Artikkeltags