Vi kårar den beste på Instagram!

SELFIE: Svein Rune Kjøllesdal, Cecilie Brendehaug Rysjedal og Marie Havnen, alle tilsett i Firda, på tur Kinnaklova i Flora.

SELFIE: Svein Rune Kjøllesdal, Cecilie Brendehaug Rysjedal og Marie Havnen, alle tilsett i Firda, på tur Kinnaklova i Flora. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KÅRING: Har du ein vilt bra Insta-konto? Eller veit du om nokon med ein profil som fortener å bli oppdaga av fleire?

DEL

Saman med Nettavisen og ei mengd lokalaviser i Norge, skal vi no kåre Norges beste på Instagram.

Kjenner du nokon som har ein Instagram-konto som fortener meir merksemd? Då bør du nominere dei!

Av dei som blir nominert, vil 100 bli valde ut. Frå desse vil lesarane og ein jury velje ut 12 som går vidare til ein finale. Til slutt vil det stå igjen ein vinnar, som vil få ein fin premie – samt heider og ære over heile Norge.

Det hadde jo vore stas om vi fekk ein vinnar frå vårt eige fylke!

Nominasjonsrunden er no over. Vi kontaktar alle nominerte for å høyre om dei ønsker å delta konkurransen.

Hashtagen for konkurransen er #norgesbesteinsta. Bilde merkt med denne blir reposta på brukaren norgesbesteinsta.

Reglane:

  1. Alle kan nominere profilar frå Instagram, og det er ikkje nødvendig å ha Instagram for å nominere.
  2. Dei nominerte må ha tilknyting til Norge eller vere busett i Norge for å bli nominert.
  3. Dei nominerte må vere personar.
  4. Dei nominerte må akseptere nominasjonen for å vere deltakar i finalerundane nasjonalt.
  5. Ein slik aksept medfører også ein rett til å reposta bilde som blir lagt ut med hashtagen til konkurransen i konkurranseperioden på Instagramkontoen til konkurransen.
  6. Deltaking i konkurransen gir Amedias aviser moglegheit til å bruke bilda som er tagga med same hashtag i illustrasjonar for sakene som omtaler konkurransen eller deltakaren. Anna bruk av bilde blir gjort etter avtale.
  7. For å vere deltakar må profilen vere offentleg tilgjengeleg. Om profilen blir gjort privat i løpet av konkurranseperioden vil deltakaren ikkje lenger kunne delta i konkurransen.
  8. Deltakarar må stå fram med fullt namn for å vere deltakar i finalerundane.
  9. Det blir ikkje gitt nokon kompensasjon for deltaking i konkurransen utover premie som fastsett.
  10. All informasjon om deltakarane, nominerte og nominasjonar blir ikkje gjenbrukt av Amedia på nokon måte, og blir sletta etter at konkurransen er slutt.
     

Artikkeltags