Er desse Norges beste på Instagram? Vi har fått inn nesten 300 nominasjonar

NOMINERTE: Øvste rekke: matildeullis, hikingmalin, tirilfossheim. Nedste rekke: svenvigj, magnushopland og sunnfjordfjell.

NOMINERTE: Øvste rekke: matildeullis, hikingmalin, tirilfossheim. Nedste rekke: svenvigj, magnushopland og sunnfjordfjell. Foto:

KÅRING: Firda-lesarane har allereie nominert 279 Instagram-kontoar til kåringa av Norges beste på Instagram!

DEL

Saman med aviser over heile landet er Firda på leit etter Norges beste på Instagram. I skrivande stund har vi fått 279 nominasjonar, men det er framleis tid til å nominere fleire.

Av dei nominerte blir 100 valde ut. Ein jury og stemmer frå lesarane skal deretter velje ut 12 som går vidare til finale. Til slutt står éin vinnar igjen som Norges beste. Vinnaren vil få ein fin premie, og heider og ære nasjonalt.

Firda håpar sjølvsagt at vi kan få ein vinnar frå vårt dekningsområde. No er nominasjonsrunden over.

Hashtagen for konkurransen er #norgesbesteinsta. Bilde merkt med denne blir reposta på brukaren norgesbesteinsta.

Den sjølverklærte eventyraren Hans Fredrik Bjarkøy frå Førde er ein av dei nominerte:

Profilen sunnfjordfjell er også blant dei nominert. Her blir det lagt ut bilde at nettop det, fjell i Sunnfjord:

Dette er reglane:

  1. Alle kan nominere profilar frå Instagram, og det er ikkje nødvendig å ha Instagram for å nominere.
  2. Dei nominerte må ha tilknyting til Norge eller vere busett i Norge for å bli nominert.
  3. Dei nominerte må vere personar.
  4. Dei nominerte må akseptere nominasjonen for å vere deltakar i finalerundane nasjonalt.
  5. Ein slik aksept medfører også ein rett til å reposta bilde som blir lagt ut med hashtagen til konkurransen i konkurranseperioden på Instagramkontoen til konkurransen.
  6. Deltaking i konkurransen gir Amedias aviser moglegheit til å bruke bilda som er tagga med same hashtag i illustrasjonar for sakene som omtaler konkurransen eller deltakaren. Anna bruk av bilde blir gjort etter avtale.
  7. For å vere deltakar må profilen vere offentleg tilgjengeleg. Om profilen blir gjort privat i løpet av konkurranseperioden vil deltakaren ikkje lenger kunne delta i konkurransen.
  8. Deltakarar må stå fram med fullt namn for å vere deltakar i finalerundane.
  9. Det blir ikkje gitt nokon kompensasjon for deltaking i konkurransen utover premie som fastsett.
  10. All informasjon om deltakarane, nominerte og nominasjonar blir ikkje gjenbrukt av Amedia på nokon måte, og blir sletta etter at konkurransen er slutt.

Artikkeltags