Sluttar som teatersjef etter berre nokre månadar

NY SJEF: Solrun Toft Iversen (45) er tilsett som teatersjef ved Hordaland teater frå våren 2017 til våren 2021.

NY SJEF: Solrun Toft Iversen (45) er tilsett som teatersjef ved Hordaland teater frå våren 2017 til våren 2021. Foto:

KULTUR: Solrun Toft Iversen byrjar som teatersjef i Hordaland teater når avtalen hennar med Sogn og Fjordane teater går ut 1. mars 2017.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Styret i Hordaland Teater har tilsett Solrun Toft Iversen (45) som teatersjef i åremål frå våren 2017 til våren 2021. Det melder teateret i ei pressemelding.

Iversen fungerer per i dag som konstituert teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, og ho har i ei årrekke vore sjefsdramaturg ved Den Nationale Scene i Bergen.

Styreleiar Pål Wergeland Lorentzen ved Hordaland teater er særs nøgd med at Solrun Toft Iversen har takka ja til stillinga.

– Med Solrun får vi ein erfaren teaterleiar som kan vidareutvikle Hordaland Teater som ein av dei viktigaste kulturformidlarane i vår region. Solrun har solid teaterfagleg bakgrunn. Ved sida av utdanning frå Universitetet i Bergen og masterutdanning frå Universitetet i Århus, har ho bak seg ein brei og anerkjend kunstnarleg praksis. Solrun Toft Iversen arbeider med eit stort og særs verdfullt nettverk av forfattarar, regissørar og skodespelarar og er godt orientert i scenekunstfeltet. Saman med si inngåande kjennskap til teaterverksemd på Vestlandet, gir det henne dei beste føresetnader for å løfte fram ei nynorsk scene i regionen, seier Lorentzen i pressemeldinga.

Han peikar på Iversens breie erfaring og hennar posisjon i fagmiljøet som vesentleg for styrets val.

– Dette reknar vi som særleg verdfullt når teateret no skal profilere seg frå sin nye arena i Bergen, seier Lorentzen.

– Eg ser med stor glede fram mot å få leie Hordaland Teater, seier Solrun Toft Iversen i pressemeldinga.

Ho syner til at teateret står framfor ein spanande og avgjerande fase med flytting til Logen i Bergen sentrum.

– Arbeidet med å utvikle ei tydeleg nynorsk scene på Vestlandet er ei oppgåve eg vil ta fatt på med takksemd, ambisjon og i samarbeid med gode krefter, seier Iversen som ifølge pressemeldinga vil vere ansvarleg for repertoaret frå og med hausten 2017.

Artikkeltags