Fredag kveld held Oslo kommune ærefest for 70 års jubilantane kong Harald og dronning Sonja.

Les også:

Det har lenge vore kjent at fylket blir representert med eit eige æresbrudepar og ein heilt bunadsfølge under festen. Men det delegasjonen ikkje visste, var at dei har fått det ærefulle oppdraget å avslutte kveldens program i Oslo rådhus.

Gjengen frå Sogn og Fjordane skal stå fremst i rekkja av representantar frå alle landets fylker, òg – dei skal synge kongesongen.

– Eg fekk sjokk då vi fekk beskjeden i går. Det er ikkje sant!, seier Margrethe Henden Aaraas.

Prosjektleiaren for opplevingsgåva kongen får frå Sogn og Fjordane under Oslo kommune si feiring av 70-årsjubilanten, var i fredag føremiddag på plass på Bondeheimen i Oslo saman med delegasjonen på 60 personar frå fylket.

Det vart det hektisk øving på kongesongen, som slett ingen var førebudde på å framføre.

Etter litt øving byrjar songen å sitje, men i full konsentrasjon over synginga, var det verre med smila blant sogn- og fjordingane.

Aaraas lovar derimot ein smilande bli gjeng frå fylket når blitslampene blenkjer fredag kveld.

– Vi skal stå fremst og glitre. Vi skal kuppe showet seier prosjektleiaren.

Etter songøving, klesbyte og sminking, er Sogn og Fjordane-delegasjonen klar for generalprøve i Oslo rådhus klokka 12.

  • Firda er til stades med journalist og fotograf i Oslo, og kjem med fyldig dekning frå kongefesten i morgondagens papirutgåve.