Sandøy får pris for godt TV-språk

Morten Sandøy.

Morten Sandøy. Foto:

Nyheitsankeret frå Førde vert premiert for god språkbruk på riksdekkande fjernsyn.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Under ein seremoni på Det Norske Teatret i Oslo tysdag føremiddag vart det klart at den 33. kringkastingsprisen vert tildelt journalist og TV2-kjendis Morten Sandøy.

– Ein berebjelke

- Morten Sandøy er ein av berebjelkane for den språklege profilen TV 2 Nyheitene har. Det er på dette området TV 2 verkeleg har vore ein konkurrent til NRK, mykje takk vera prisvinnaren, seier Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen.

Sandøy er opphavleg frå Førde, og har vore ankermann i TV 2 Nyheitene sidan oppstarten i 1992.

Ei tid var han òg programleiar for aktualitetsprogrammet Magasinet. Sandøy er dessutan nærast dagleg å sjå som anker for TV 2 Nyhetskanalen sine sendingar frå Bergen.

Umisteleg

Kringkastingsprisen blir delt ut til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

– Prisvinnaren er ein som takka vere godt språk har sikra at nynorsk er ein umisteleg del av den språklege profilen til nyheitsredaksjonen der han jobbar, påpeiker juryen.

– Opptatt av språk

Prisvinnaren sjølv synest tildelinga og merksemda er hyggjeleg.

– Å nytte eit enkelt språk er noko eg alltid har vore oppteken av. Vi kan vere så flinke vi vil, eller så langt i utlandet som vi vil, men viss folk ikkje skjønar kva vi snakkar om så hjelp det ikkje, seier Sandøy.

– Eg likar til dømes ikkje å sei lekamskrenking med døden til følgje. Då kallar eg heller ein spade for ein spade og seier at vedkomande er sikta for å påføre personen så store skadar at han døydde av dei, seier han.

Artikkeltags