Så mange har sett Oddleiv sitt fotoprosjekt

Oddleiv Apneseth (biletet) fotograferte sambygdingane. Det har blitt ein suksess.

Oddleiv Apneseth (biletet) fotograferte sambygdingane. Det har blitt ein suksess. Foto:

Artikkelen er over 11 år gammel

Bilete av jølstringar har lokka mange til Eikaasgalleriet. Søndag er siste utstillingsdag.

DEL

Over 6000 menneske har sett Oddleiv Apneseth i Bergen og på Eikaasgalleriet på Ålhus i Jølster.

Utstilte jølstringane

Apneseth tok bilete av alle jølstringane i eit omfattande fotoprosjekt.

– Det er veldig bra. Eg hadde venta at jølstringane ville ta turen. Det har dei gjort. Men i tillegg har vi hatt besøkjande frå eit veldig stort område, seier dagleg leiar ved galleriet Solveig Berg Lofnes til NRK Sogn og Fjordane.

Nesten halvparten av besøkstalet på Eikaas

Ifølgje NRK, har 2900 personar sett utstillinga til den tidlegare BT-fotografen

på Eikaasgalleriet. Galleriet har hatt 6600 besøkjande hittil i år. Dermed står Apneseth si utstilling for nesten halvparten av besøkstalet.

3200 såg utstillinga i Bergen

I Bergen vart utstillinga sett av 3200 personar på dei fire vekene utstillinga var oppe.

Søndag 15. november er siste utstillingsdag i Jølster.

Artikkeltags