Idag vart programmet på årets Fjordblues presentert. Booking-ansvarleg, Leif Egil Verpeide frå Fjæra Bluesklubb, seier festivalen i år kan tilby fleire eksklusive artistar.
Amerikansk supergruppe
- Vi har artistar som vi er aleine om å tilby i Norge, mellom anna den nye amerikanske supergruppa innan blues, Royal Southern Brotherhood. Dei spelar sin første og einaste konsert i Norge i år på Fjordblues, seier Verpeide.
Stor festival
Verpeide fortel at festivalen har hatt rundt 500 besøkande dei siste åra.
- I fjor var det rekordmange tilreisande som vitja festivalen. Heile Gloppen Hotell var fullbooka i festivalhelga, fortel Verpeide, som meiner festivalen er inne i ein god trend.
Noko for alle
Han trekk også fram den norske artisten, Vidar Busk, som eit av hovudnamna i år.
- Dette er ikkje utelukkande ein festival for speisielt blues-interesserte. Her er det noko for alle.
Verpeide lovar god stemning og moglegheiter for å svinge seg.
- Sjølv om dette ikkje er nokon dansebandfestival, blir det gode dansemoglegheiter, seier han.