Forlaget har klekka ut ideen om å sleppe same Pondus-album i fire ulike varianter, med minst fem dialektar i kvart blad, skriv Fædrelandsvennen.
Desse vert sloppe måndag, eitt på Sør- og Vestlandet, eitt på Sør- og Østlandet, eitt i Midt-Norge og eitt i nord.
- Dei fire albumversjonane ville fått Ivar Aasen til å spinne i grava av glede, i følgje Egmont serieforlag.
Dialektmangfald
Sjef for oversetjinga er språkforskaren Øystein A. Vangsnes, ein sogning som jobbar ved Universitetet i Tromsø.
– Det at det blir gitt ut eit Pondus-album i fire dialektversjonar er eit tydeleg prov på at vi nordmenn set pris på dialektmangfaldet vårt, skriv Vangsnes i heftet.
Teksten i boblene er skriven svært lydnært, blant anna har han kutta ut alle stumme konsonantar, slik folk flest gjerne gjer når dei skriv dialekt.
– Vi har dratt det endå eit hakk lenger, seier Vangsnes til NTB.
– Kurant og slangaktig
Språkforskeren karakteriserer språket til Pondus som «heilt kurant» og «slangaktig»:
– Han er bartendar på ein fotballpub, og det inneber både litt på kanten-humor og nokre grove uttrykk. Nokre gonger måtte eg byte ut noko for å finne fram til stadlege uttrykk, innrømmer ein spent Vangsnes.
Døme på ulike skilje er namna for kvinnebryst i bladet. I Bergen kallar kvinnebryst for «daiar», medan dei i Troms og Finnmark kan gå under namnet «deite», og i Sogn «tatta». Og der nordlendingane seier «hæstkuk», ville austlendingar ha sagt «drittsekk» og på Sørlandet «dumming». (Fædrelandsvennen/ NTB)