Plate-slepp med Sande-dikt <br/> i færøysk tonedrakt

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Hanus G. Johansen har sett musikk til 30 av Jakob Sande sine dikt, og i ettermiddag lanserer han plata «Frå leddiken» med 15 av dei i Dale.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

-Første gong eg kom til Norge for å spele, hamna eg tilfeldigvis i Dale. Det var under Norges Ungdomslags årsmøte i 1995, fortel Johansen, som vert rekna som ei levande lengende i heimlandet Færøyane.

Den gongen hadde visesongaren og gitaristen berre litt kjennskap til diktaren frå Fjaler, men nok til at han allereie hatt sett melodi til eitt av Sande-dikta.

-Eg har jobba mykje med diktaren Poul F. Joensen frå Færøyane. Han skriv mykje likt Jakob Sande, seier Johansen.


Syng på nynorsk


Frå besøket i Dale for 11 år sidan fekk Johansen med seg Sandes «Dikt i samling», i tillegg til ein brosjyre om Jakob Sande-selskapet. Og det gjekk ikkje mange dagane før han melde seg inn i selskapet.

-På plata syng eg på nynorsk og eg tykkjer det går bra, seier Johansen.

Han har spelt nokre av visene for publikum på Færøyane, noko han meiner fungerte tilfredsstillande, sidan «folk på Færøyane forstår alle skandinaviske språk».

Og einskilde vil nok hugse at Johansen i mars i år heldt ein rein Sande-konsert på Trudvang i Dale.

Slit med distribusjonen


På den nye plata har Johansen fått med seg Aldubáran, ei gruppe anerkjende, klassisk utdanna musikarar frå Færøyane.

Og det er han glad for. For det styrkjer moglegheitene for at plata sel godt i heimlandet som har om lag 50000 innbyggjarar.

-Hadde eg sunge på morsmålet, ville eg vel ha selt om lag 4000 plater berre på Færøyane. Med denne plata på nynorsk må eg nok vere nøgd med eit sal på 3000 heime, seier Johansen.

Korleis salet vil gå i Norge, er han meir usikker på.

-Det er avhengig av om eg finn meir ut om korleis eg får distribuert den. Dei store selskapa har vore skeptiske, men det kan eg jo forstå, smiler visesongaren.

Artikkeltags