Gå til sidens hovedinnhold

Nytt Fjaler-treff i Bergen

Artikkelen er over 15 år gammel

Kjartan Habbestad frå Haugesund fekk smaken på Fjaler under Fjalertreffet 2004. No er han med og arrangerer årets Fjalertreff.

-Vi gjentek suksessen frå 2004. Og kva passar betre enn eit levande eksempel på kor bra det var, seier ordførar i Fjaler, Arve Helle, og ler godt.

Under førre Fjalertreff i Bergen, møtte Habbestad saman med kjærasten sin som er frå Flekke. Her vart han introdusert for både Fjaler kommune og eit knippe av næringslivet i den livlige kommunen. 1. august flytte han til Fjaler, nytilsett i halv stilling i Fjaler Næringsutvikling og halv stilling i Lutelandet Utvikling.

Kan ikkje bu i eit postkort

-For meg synleggjer det at kommunen torer å tenkje nytt, seier den nyutdanna sosiologen.

Nøyaktig kva som var utslagsgjevande for valet han tok, veit han ikkje.

-Eg sat att med eit positivt inntrykk, og følte at det var mange spennande bedrifter i Dale. Når dei kunne skilte med jobb, var ikkje eg tung å be, seier Habbestad.

-For vi kan ikkje leve av å bu i eit postkort. Utan jobb hjelper det fint lite at vi kjem frå ein flott plass, seier Helle.

Ikkje intern Fjaler-samling

Treffet i Bergen er primært for studerande fjalerbuer og alle andre som kan tenkje seg å flytte til Fjaler, mellom 19 og 35 år. Opplegget er eit samarbeid mellom Fjaler kommune, Fjaler Næringsutvikling og Fjaler sparebank.

-For oss er det naturleg å ha det i Bergen. Det er der dei fleste frå vårt område studerer. Dette er ein måte å rekruttere folk på, og samtidig vise ungdommen at vi i Fjaler bryr oss om dei, seier Helle, og trekkjer fram at det er optimisme i kommunen.

-Dette skal ikkje vere noko intern Fjaler-samling. Vi ønskjer alle velkomne. Folk kjem att til kommunen i stadig yngre alder, og det gler vi oss stort over, seier Helle.

Lokal mat

Treffet denne gongen vert utvida med meir program.

-Vi vektlegg endå meir å lage ein møteplass. I tillegg til ein kort seanse om Fjaler og næringslivet vil det bli både servering og underhaldning, seier Habbestad.

Og sjølv om treffet er i Bergen, blir maten lokal.

-Innsatsen frå næringslivet er kjempeflott, seier Habbestad og understrekar at det viktigaste med Fjalertreffet er å lage ein treffstad.