Nynorskpris blir delt ut på nynorskfestspela

Artikkelen er over 11 år gammel

Dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland offentleggjorde opprettinga av ein nynorskpris for journalistar i samband med opninga av Nynorsk mediesenter i Førde 2004. No er det bestemt at prisen skal delast ut 22. juni i år, under Dei Nynorske Festspela.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Prisen er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk, og skal delast ut i Ørsta 22. juni.

Føremålet med nynorskprisen er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Prisen skal gjevast til ein journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.

Alle kan føreslå kandidatar til prisen.

Juryen vel ut på fritt grunnlag kven som skal få prisen. I juryen sit NRK- journalist Gry Molvær, Trondheim, sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad og forfattaren Olaug Nilssen, Førde/Bergen. Magni Øvrebotten ved Nynorsk mediesenter i Førde er sekretær for juryen.

Les meir om prisen hjå Nynorsk mediesenter.

Artikkeltags