Ingebjørg (18) er guide på Sunnfjord museum: – Det var ganske likt i England og Norge etter svartedauden

BADENYMFE: Når Ingebjørg har fri brukar ho fritida saman med venner. Saman drar dei for å bade eller på roadtrips.

BADENYMFE: Når Ingebjørg har fri brukar ho fritida saman med venner. Saman drar dei for å bade eller på roadtrips. Foto:

Ingebjørg Ness (18) jobbar sin andre sommar som guide på museet. Ho er glad i å møte nye folk frå forskjellige deler av verda.

DEL

På Sunnfjord museum møter vi ei blid jente i resepsjonen. Ho tar seg gjerne tid til ein sommarprat med Firda.

– Ein normal dag for meg går ut på å ta vare på museet, og vaske litt rundt om kring. Så har eg omvisingar med folk som kjem frå heile verda. Vi har ofte turistbussar som kjem frå Australia, USA, Tyskland og ofte lokale folk òg. Først er det eit fellesopplegg generelt om museet. Så går vi inn i dei forskjellige husa, så fortel eg korleis det var å bu på ein gard på 1800 talet i denne delen av Sunnfjord

– Det kjekkaste med jobben?

– Det må vere å møte så mykje nye folk heile tida. Her får eg møte folk frå forskjellige deler av verda. Sjølv om eg er guide, og veit ein del, så lærer eg mykje nytt kvar dag og får nye kunnskapar. Ein får høyre kva som er typisk der i forhold til gard. Vi har fått høyre at kulturen etter svartedauden var veldig lik i England og i Norge. Dei hadde mykje materiale å bruke etter folk som døydde, som gjorde at dei kunne bygge seg opp igjen.

Det mest pinlege du har oppleve på jobben?

– Det kan hende at eg ikkje kan svaret til alle spørsmåla folk stiller. Eller at eg får jernteppe når folk spør om noko, dei forventar jo at eg skal kunne svare, og då kan det bli litt klein stemning.

Det beste tipset du kan gi til dei som skal besøke museet i sommar?

– Ta deg god tid. For det er så mykje å sjå og så mykje historie. Sjølv om det berre er ned til vatnet, går ein gjennom tunet som er eit prakteksemplar på korleis det var på den tida. Å sjå seg rundt og sjå på husa er mitt beste tips.

Når du ikkje er på jobb, kva brukar du sommaren til?

– Eg er veldig mykje saman med vennene mine, vi drar og badar eller på bilturar. Og så er eg mykje hos besteforeldra mine. Går elles ofte på tur med hunden min.

Du må velje for resten av livet, festival eller Syden?

– Festival, lett! Eg var nettopp på Stavernfestivalen. Å komme i nær kontakt med artistane som er frå forskjellige plassar i verda, det set eg veldig pris på. i Syden blir eg veldig fort solbrent.

Aldri ete is eller aldri grille igjen?

– Aldri grille igjen, is er eg alt for glad i. Det hadde ikkje gått.

Bade kvar dag heile sommaren eller aldri bade igjen?

– Bade kvar dag heile sommaren. Eg er så badenymfe så det hadde eg ikkje klart å gi slipp på.

Legge deg klokka 21.00 kvar kveld eller 03.00 kvar natt?

– Legge meg klokka 21.00 kvar kveld fordi eg er veldig opptatt av å få ei god natts søvn. Og så er eg klar for å møte dagen som kjem.

Ingebjørg Ness

  • 18 år
  • Førde
  • Guide på Sunnfjord Museum

Artikkeltags