Eitt år med villrein i Sunnfjord

Kjell Flaten var i utgangspunktet med berre som kjentmann utan nokon intensjon om å komme på TV, men enda på skjermen likevel. – Det var spennande å vere med og sjå korleis dei arbeider, seier han og gler seg til å sjå programmet for første gong tysdag kveld.

Kjell Flaten var i utgangspunktet med berre som kjentmann utan nokon intensjon om å komme på TV, men enda på skjermen likevel. – Det var spennande å vere med og sjå korleis dei arbeider, seier han og gler seg til å sjå programmet for første gong tysdag kveld. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Tre og eit halv års arbeid er blitt til femti minutt TV om eitt år i ein lokal villreinflokk

DEL

– Det er det mest krevjande prosjektet eg har vore med på. Det har vore intenst, seier programskapar Harald Kolseth om programmet «Villrein i vest» som blir synt i  «Ut i naturen» i NRK tysdag.

Eitt år med rein

I programmet følger han ein villreinflokk i Sunnfjord gjennom eitt år.

– Det er mange som ikkje ein gong veit at det finst rein i Sunnfjord. Sjølv hadde eg aldri sett ein levande rein før eg byrja med programmet, vedgår Kolseth som no er nærast ekspert.

Trua dyr

Men i Sunnfjord finst det vel 100 villrein, fordelt på tre flokkar som lever heilt isolert frå kvarandre. Slike små flokkar er trua av innavl og naturinngrep, og  det no for første gong gjort skikkeleg forsking på desse flokkane og deira sjanse til å overleve i framtida. Noko av problematikken i programmet går på at fleire meiner styresmaktene ikkje gjer nok for å berge dei.

Det er brukt store pengesummar på spektakulær filming i sunnfjordfjella, og fleire lokale har bidratt med å finne områda der reinen er. Ein av dei er Kjell Flaten frå Førde som har sete ti år i styret i reinsdyrslaget. Han er over snittet fascinert av rein.

– Det er nesten ein liten sjukdom eg har, seier han leande.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken