Carlene Carter til Norsk Countrytreff

HOVUDARTIST: Amerikanske Carlene Carter kjem til Norsk Countrytreff 2020.

HOVUDARTIST: Amerikanske Carlene Carter kjem til Norsk Countrytreff 2020. Foto:

No er dei første artistane til countryfestivalen klare. Carlene Carter, stedotter av Johnny Cash, er ein av artistane ein kan oppleve på Breim neste år.

DEL

No har countryfestivalen dei første artistane klare. Carlene Carter er ein av artistane ein kan oppleve på countryen i 2020. Det skriv arrangørane i ei pressemelding.

Carlene er dotter av June Carter og Carl Smith og stedotter av sjølvaste Johnny Cash.

På 90-talet gjorde Carter suksess med låten «Every little thing» her i landet, men karrieren hennar starta allereie i 1978. Ho gav ut sitt siste soloalbum i 2014, og var også med på John Mellencamp si utgjeving «Sad Clowns & Hillbillies» i 2017.

I tillegg til eigen musikk, har Carter arrangert «Carlene Carter’s Wonderful World of Women Who Write».

Norsk Countrytreff har denne gangen i større grad enn før sett til USA – countrymusikken sitt heimland. Men dei lovar også å ha gamle heltar og gryande stjerner frå Norge på menyen.

Festivalen går av stabelen frå 9. til 12. juli.

Her er artistane som så langt er lansert til Norsk Countrytreff 2020:

Carlene Carter (US)

Vassendgutane (NO)

Get Rhythm (NO)

Mighty Magnolias (NO)

The Kody Norris Show (US)

Gunslingers (NO)

Pat Reedy & The Long Time Goners (US)

Arve Hålands Cajun Gumbo (NO)

Longhorn (NO)

Artikkeltags