Ny artist klar for rockefestival

Den engelske punkrockeren Frank Carter er klar for Malakoff.

Den engelske punkrockeren Frank Carter er klar for Malakoff. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

KULTUR: Malakoff har lansert sin niande artist for året.

DEL

– Vi er strålande nøgde med å kunne ønskje velkommen til den tøffaste punkartisten i England akkurat no, seier festivalsjef for Malakoff, Arnt-Ivar Naustdal.

Artistane han siktar til er Frank Carter & The Rattlesnakes.

Det er den niande artisten som er klar for sommarens store festival på Nordfjordeid. Og han føyer seg inn i rekkja av det festivalen gjerne omtalar som headlinerar.

Frå før er Biffy Clyro, Karpe Diem, Turboneger, Dubiova kolektive, Janove, Spidergawd, Kjartan Lauritzen og Dagny klare for festivalen.

– Frank Carter er ei overdose med rein energi, aggressivitet, musikalitet og kvalitetspunkrock- Bandet er superaktuelle med det nye albumet Modern Ruin, seier festivalsjefen i ei pressemelding.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken