Ronny Brede Aase får dialektpris

PRIS: Førdianaren Ronny Brede Aase og kollegaane i P3Morgen får pris for å bruke dialektane sine.

PRIS: Førdianaren Ronny Brede Aase og kollegaane i P3Morgen får pris for å bruke dialektane sine. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Norsk Målungdom har kåra programleiarane i P3Morgen til vinnarar av Dialektprisen 2017.

DEL

Saman med kollegaane sine får Ronny Brede Aase frå Førde prisen.

– Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby kjem frå kvar sin del av landet, og syner kvar morgon fram det norske dialektmangfaldet. Som programleiarar på eit av dei mest populære radioprogramma i Norge, gjer dei dialektmangfaldet til ein del av kvardagen til fleire hundre tusen unge lyttarar.

Det seier Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom, i ei pressemelding.

Ronny Brede Aase (f. 1986) kjem frå Førde, Silje Therese Reiten Nordnes (f. 1984) kjem frå Hamarøy og Markus Ekrem Neby (f. 1991) kjem frå Oslo. Dei tre programleiarane saman styrt programmet P3Morgen sidan 2014, og programmet har vunne fleire prisar for godt språk og god formidling. I tillegg til lyttarane på radio, har P3Morgen har mange følgarar på sosiale medium. Der nyttar dei òg dialektar munnleg, og både nynorsk og bokmål skriftleg. Programmet P3Morgen starta opp i 2003.

– P3morgen er ein viktig del av morgonen for mange lyttarar. Både Silje, Markus og Ronny står fram som trygge dialektbrukarar, og bidreg med det til å gjere dialektskilnader kvardagsleg og sjølvsagt, seier Hope.

–Men om vi ser til våre naboland, der dialekter ikkje har like stort rom i media, forstår vi kor viktig dette er. P3Morgen er medvitne om samfunnsansvaret sitt og programleiarane er med på å bryte ned barrierar for andre ved å bruke dialektene sine – side om side. At dei dessutan er eit program der dei ikkje kvir seg for å leike med språket og diskutere språk, gjer dei berre til enno meir fortente vinnarar, seier Hope i pressemeldinga.

Les også: Førde sin store son i nytt TV-show

Dialektprisen blei delt ut første gong i 2001. Tidlegare har mellom andre Therese Johaug, Daniel Kvammen og Linda Eide vunne.

Prisen blei delt ut på Det Norske Teatret torsdag kveld.

Artikkeltags