Då Ann Kristin vart låst inne på toalettet nyttårsaftan, vart Keira Knightley redninga

Keira Knightley (t.h.) kom til unnsetning for Ann Kristin Gallefoss Eikefjord då døra gjekk i lås på ein restaurant i London.

Keira Knightley (t.h.) kom til unnsetning for Ann Kristin Gallefoss Eikefjord då døra gjekk i lås på ein restaurant i London. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NYTTÅR: Ho skulle feire overgangen til 2018 med å halde rundt mannen og sjå fyrverkeri over London. I staden måtte Ann Kristin bergast av superstjerne på toalettet.

DEL

«Døren åpnes, og foran meg står redningskvinnen min - den første jeg ser og får ønsket godt nytt år, og deretter vasket hendene sammen med i 2018 - selveste Keira Knightley <3», skriv Ann Kristin Gallefoss Eikefjord på si Facebook-side. Til Firda utdjupar ho litt når vi kontaktar ho:

– Det var veldig overraskande. Det skulle ikkje vere mogleg, men der stod ho, seier Ann Kristin Gallefoss Eikefjord når Firda kontaktar ho. Førde-kvinna hadde nyttårsaftan ei særs uventa oppleving, då ho enda opp innelåst på eit toalett i London, noko ho har skrive humoristisk om på Facebook.

Redningskvinna? Det var altså ingen ringare enn kjendisskodespelar Keira Knightley, kjend frå blant anna Pirates of the Caribbean-serien, og filmen til den norske regissøren Morten Tyldum, The Imitation Game.

Så ... korleis kunne dette skje? Vel lat oss spole ein liten halvtime tilbake i tid, så vi får fram kva det var som skjedde denne nyttårsaftan, då 2017 vart til 2018.

– Eg og mannen min (Ole Jonny Eikefjord, red. merkn.) var i London, for å feire nyttår. Eg såg fram til å halde rundt han og sjå på rakettane, seier Ann Kristin.

Mannen, Ole Jonny, er kokk og godt kjent i restaurantmiljøet, så dei hadde funne seg ein italiensk restaurant, og klokka var byrja å nærme seg 24.00, då Ann Kristin kom ut i uføret.

Dørklinga var vekke

Som ho skriv på sin private Facebook-profil: «Etter tre timer ved bordet – måtte jeg låne toalettet».

Her gjekk ho inn på ein av dei ledige avlukka.

– Eg let att døra og låste den kjapt. Så oppdaga eg at noko mangla.

For på døra inn på toalettbåsen var det inga dørklinke. Berre ein nøkkel i låsen, på den massive døra som gjekk frå tak til golv.

– Eg skjønte det fort: Herregud, eg er innelåst. Handtaket på døra var vekke. Eg forsøkte å rope om hjelp, men blei verande der ei stund, fortel ho.

Kor lenge er ho usikker på, men ho anslår at ho gjekk inn på toalettet rundt 23.45, eit tidspunkt som neppe var heilt heldig om du har brukt for hjelp nyttårsaftan.

Og medan ho stod innelåst høyrde ho tydeleg lyden: «TEN, NINE, EIGHT, (...), HAPPY NEW YEAR!».

– Kring ti over tolv høyrde eg nokon komme gåande inn på toalettet. Eg hadde bestemt meg for å dundre på døra når eg høyrde nokon som kunne hjelpe. Så eg banka på og ropte. Responsen kom, med ein lovnad om å opne døra.

Stjernepirat vart redninga

Der stod ho. Med tiara. Svart velurkjole. Og heilt sikkert eit litt skeptisk ansiktsuttrykk.

– Eg såg på ho, og tenkte at dette skjer ikkje. Det er ikkje mogleg. Det var kjedeleg å gå glipp av sjølve inngangen til 2018, men då eg såg kven som låste opp tenkte eg: Det er heilt greitt, seier Ann Kristin og ler over telefonen.

Med ein kjendiskokk som mann er nok ho meir enn snittet kjent blant andre kjendisar, men det er nok likevel sjeldan at ein skodespelar av Knightleys storleik er den som blir berginga på ei toalettetkrise.

– Ho lo av det heile. Det var ganske rart å sjå, ho var utruleg jordnær. Knightley blei den første eg ønskte godt nytt år, så stod vi der og vaska hendene ved sidan av kvarandre, og lo av det heile.

– Eg fekk høyre at dette var ein restaurant ho brukte å vere på, og då vi kom ut av toalettet, såg eg at ho hadde sitte heile kvelden på eit bord like ved sidan av oss, seier Ann Kristin.

– Då er det vel ein ganske fasjonabel restaurant?

– Vel, der er god mat, seier Ann Kristin lurt.

– Men fekk du ikkje teke eit bilde med Knightley?

– Det er mange vener som har etterspurt ein sjølvi, men eg hadde gått frå telefonen og veska mi ved bordet, så eg fekk korkje kontakt med nokon – eller teke eit bilde med Knightley, seier Førde-kvinna og ler. Knightley skal ha blitt gjenkjent av fleire på restauranten i etterkant av hendinga.

Artikkeltags