Olaug si bok har fått ho i godt selskap

Olaug Nilssen vann Brageprisen 2017 i kategorien skjønnlitteratur med boka "Tung tids tale" som er gitt ut på Det Norske Samlaget. Prisutdelingen fann stad på Dansens Hus i Oslo tysdag kveld.

Olaug Nilssen vann Brageprisen 2017 i kategorien skjønnlitteratur med boka "Tung tids tale" som er gitt ut på Det Norske Samlaget. Prisutdelingen fann stad på Dansens Hus i Oslo tysdag kveld. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KULTUR: Førde-forfattaren Olaug Nilssen er tildelt Brageprisen for 2017.

DEL

Med boka Tung Tids Tale er Førde-forfattar Olaug Nilssen tildelt Brageprisen 2017 i klasse for skjønnlitteratur.

I grunngjevinga til prisen står det å lese at boka er eit rørande brev til elska son, ein fortvila rapport frå ein utmattande kvardag og eit verknadsfullt kampskrift mot diagnosesamfunn og rigid byråkrati.

Nilssen si bok handlar om ein forteljar som er ei sjukemeld trebarnsmor, som har sett sin førstefødde utvikle seg frå ein uvanleg oppvekst smårolling til ein autistisk lite kommunikativ niåring som må passast på døgnet rundt.

Ifølgje Brageprisen er Tung tids tale ei både rå og nyansert, kamplysten og sorgtung historie om kjærleik som krev alt ein har å gi.

Nilssen har sjølv ein funksjonshemma son med regressiv autisme, som ho har fortalt om i Dagbladet.

Dette fører Nilssen inn i celebert selskap, for sidan 1992 har namn Ingvar Ambjørnsen, Frode Grytten, Lars Saabye Christensen, Karl Over Knausgård, og Dag Solstad alle vunne prisen.

Maria Parr er tildelt prisen i kategorien for Barne- og ungdomsbøker med boka «Keeperen og havet»

I sakprosa-sjangeren er det Thomas Reinertsen Berg som får prisen, for boka «Verdensteater».

Cecilie Løveid si bok «Vandreutstilling» får prisen i kategorien Lyrikk, medan Kari Grossmann er tidelt heidersprisen.

Artikkeltags