I full fart før festivalstart

ØVING: Torill Steinjord, Vetle Springgard og Martin Myhr dansar til Gro Marie Svidal sin folkemusikk. – Det blir ei salig blanding av uttrykk, seier Vetle, om framsyninga.

ØVING: Torill Steinjord, Vetle Springgard og Martin Myhr dansar til Gro Marie Svidal sin folkemusikk. – Det blir ei salig blanding av uttrykk, seier Vetle, om framsyninga. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Det vert ordna, øvd og snikra før verda kjem til Førde på onsdag.

DEL

– Ja, vi er i rute, seier Hilde Bjørkum, som er direktør for Førdefestivalen.

– Men, så veit vi at det alltid er noko uventa som skjer òg, legg ho til.

Detaljar, detaljar

Det er knappe seks dagar igjen til folkemusikk og eit yrande, internasjonalt folkeliv kjem til Førde.

– Det er mange detaljar som skal på plass, og detaljane er veldig viktige for både artistane, publikum og oss arrangørar, seier Bjørkum.

I Førdefestivalen sine lokale i Førdehuset, held Marionn Aas Wie og Viktoria Laco på å pakke mapper til alle artistane.

– I mappene legg vi all informasjon til kvar artist og artistkontaktane, fortel Marion Aas Wie, som er ansvarleg på artistservice.

Festivalen har om lag 350 frivillige arbeidarar, samt fleire som er hyra inn, i tillegg til dei sju som arbeider meir eller mindre året rundt for å komme i hamn.

– Totalt er det vel opp mot 500 menneske i sving. Det er eit stort apparat, men det trengst, for vi har trass alt 300 artistar vi må ta godt vare på, seier Bjørkum.

Rigginga av hovudscena i idrettshallen i Førdehuset har akkurat starta, og heile 40 personar må til for å avvikle konsertane der:

– Det er ganske heftig, seier Bjørkum.

PAKKING: Viktoria Laco og Marionn Aas Wie sørger for at alle artistane og artistkontaktane har all informasjon dei treng.

PAKKING: Viktoria Laco og Marionn Aas Wie sørger for at alle artistane og artistkontaktane har all informasjon dei treng. Foto:

Nye, fleire arenaer

Festivalen har som vanleg Førdehuset som hovudarena med fleire ulike scener. Totalt er det om lag 30 scener gjennom om 80 ulike festivalarrangement. I år er det også rekordmange scener utanfor Førde.

– Vi har scener i åtte ulike kommunar. Det er kjekt å komme ut til folk andre stadar også. På den måten kan vi kanskje freiste til dømes folk i Florø til å ville oppleve meir av festivalen. Samtidig er det også viktig at det kokar i Førde, seier Bjørkum.

Legenda om Sunniva

Festivalen fokuserer på utvalde tema kvart år, og i år er temaet «klangen av Norden» eller «Nordic sounds». 

Musikar og komponist Gro Marie Svidal har slått seg saman med regissør Mette Brantzeg, og skal formidle den kjende legenda om kongsdottera Sunniva som rømde frå Irland til Selje.

Svidal, Brantzeg og dei tre dansarane Torill Steinjord, Vetle Springgard og Martin Myhr er på plass i ungdomshuset Viking og øver før premieren på Sunniva no.

– Her er det litt småkaos akkurat no. Det er berre ei knapp veke igjen før premieren, og det blir meir og meir spennande for kvar dag, seier regissør Mette Brantzeg.

Ordlaus formidling

Gjengen på fem starta prøvene i slutten av mai, og har halde på nesten kvar dag sidan.

Gjennom levande folkemusikk og dans skal dei formidle den tusen år gamle legenda. Tema som tru, tvil, makt, sanning og religion vil prege framsyninga.

– Vi reflekterte mykje rundt korleis vi skulle formidle den. Det er jo truleg mange som ikkje kan norsk i publikum, seier Gro Marie Svidal.

Dermed blei stykket ordlaust. I tillegg bestemte dei seg for å slette skiljet mellom scene og publikum.

– På den måten får publikum komme tett inn på oss og forteljinga, og blir ein del av scenografien, fortel Svidal.

– Vi ønsker at publikum skal få følelsen av at dei er med i handlinga, seier Brantzeg.

FOLKEMUSIKK: Komponist og musikar Gro Marie Svidal spelar folkemusikk, medan dansarane dansar. – Framsyninga inneheld eit stort spekter av dei tradisjonelle folkedansane som finst, seier dansar Torill Steinjord.

FOLKEMUSIKK: Komponist og musikar Gro Marie Svidal spelar folkemusikk, medan dansarane dansar. – Framsyninga inneheld eit stort spekter av dei tradisjonelle folkedansane som finst, seier dansar Torill Steinjord. Foto:

Fortid, samtid og framtid

Også i og utanfor Sogn og Fjordane Kunstmuseum held dei på å gjere klart til Førdefestivalen. Her blir det hagefest på taket med den franske musikaren og komponisten, Titi Robin. Samt skal konserten «Arvesølvet» integrerast i ei heilt ny kunstutstilling av kunstnar Maia Birkeland.

– Eg elskar å seie ja til sånne ting, seier Maia Birkeland, som lar musikarane spele midt blant kunsten sin.

Kunstutstillinga «det vi har i lag» opnar same dag som festivalen. Utstillinga til Birkeland er ei historieforteljing om fortid, samtid og framtid i Sunnfjord og Førde – ein stad som har endra seg mykje både visuelt, og i karakter.

– På kort tid har Førde gått frå å vere landleg bondeland til ein urban by, seier ho, medan ho syner fram installasjonen «Byløa» som står i sterk kontrast til kunstmuseet sjølv.

Ho ønsker å få publikum til å reflektere over felles historie, identitet, kulturarv og framtid. Slik sett passar det godt at konserten er i same rom som kunstutstillinga. Konserten er nemleg basert på klangen av Sogn og Fjordane, der musikarane har tatt eit djupdykk i fylkesarkivet og tolka lyden av fortida. 

RIGGING: Kunstnar Maia Birkeland og museumssjef Janne Katrine Leithe riggar og gjer klart for opning av kunstutstilling til Førdefestivalen. Her er dei ved installasjonen "Byløa" som held på å snekrast ferdig.

RIGGING: Kunstnar Maia Birkeland og museumssjef Janne Katrine Leithe riggar og gjer klart for opning av kunstutstilling til Førdefestivalen. Her er dei ved installasjonen "Byløa" som held på å snekrast ferdig. Foto:

Artikkeltags