Firda tok turen til familiedagen på laurdag. Høgdepunktet der var nok for mange å sjå korleis det gjekk med tidskapselen som Dingemoen skule hadde laga.

Eit utval av elevane kom opp på podiet framfor Vesle Daniel og las opp si melding til framtida:

– Eg håpar at huset mitt står der framleis, sa ein.

– Pass godt på jorda vår. Vi vil ikkje ha krig, sa ein annan.

Alle bidraga hadde vorte innbundne og vart teke i mot av ordførar Gunhild Berge Stang, som lova å ta godt vare på dei.

Auksjon av brukte ting

Deretter var det tid for auksjon av boss. Auksjonarius Ove Myrmel hadde teke med seg forskjellige gjenstandar frå gjenvinningsstasjonen som han tykte var for fine til å hive. Til dømes hadde dei ein kornett til sals.

– Den er nok her fordi den ikkje er verdas beste. Men kanskje er den verdas nest beste, spurde Myrmel.

Kornetten gjekk for femti kroner.

Han hadde i skrivande stund ikkje talt opp profitten, men kunne avsløre at stålampa gjekk for heile 1300 kroner. Pengane skal brukast til å bygge ei permanent bytebu i Dale.

– Auksjonen skulle sette søkelys på at det som for somme er avfall, kan for andre ha stor interesse. Ting kan ha vore til nytte og glede og ha sett fotavtrykk, seier Myrmel.

Born bytte leikar

Festivalen hadde også ei midlertidig bytebu, der born kunne ta med seg ein leike dei ikkje hadde bruk for, og byte i noko anna. Ei av dei som nytta det tilbodet var Leonora Golten Eikevik (2) frå Dale. Ho leverte inn ein brannbil.

– Dette er eit veldig fint tiltak som dei gjerne kunne ha hatt ein gong i månaden. Det viktigaste for borna er at det er noko nytt for dei. Vi leverte inn ein ting som lagde lyd, og håpar å komme tilbake med noko som ikkje lagar lyd, seier far Rolf-Magne Golten Andersen.

Etter å ha prøveleika alt som var i bytebua valde Leonora til slutt ei bok av Bæ og Bø. Far var nøgd.

– Til no har vi nok hatt 300 bytte, utan at eg har talt heilt nøyaktig. Det er koseleg å sjå at borna set bruksverdien i fokus, ikkje pengeverdien. Eit born leverte inn eit keyboard og var nøgd med å få ein liten gris i byte. Folk er svært positive til dette, seier bytevakt Christine Nikøy Rogne.

Gitarist braut nagl

– Det verkar som heile Dale kom, pluss tilreisande. Vi vert større år for år. Vi hadde eigentleg tenkt å skalere det ned litt i år, men det var veldig mykje større enn vi hadde tenkt. Til no har alt gått smertefritt. Det einaste som gjekk skeis var ein gitarist som braut ei nagl. Det vart løyst med superlim, seier festivalarrangør Torkil Sandsund.

Han nemner at heile Dingemoen skule pluss foreldre hadde møtt fram til forseglinga av tidskapselen.

Festivalen har i år 118 artistar og over 200 personar på dugnadslista. Dersom ein reknar familiedagen som eitt arrangement, var det 60 forskjellige arrangement på laurdagen.

Les også:

Draumane deira skal sparast i 100 år

Kulturrådet doblar støtta til festivalen

Lagar ei heil teaterframsyning om utsikta til Dalsfjorden

Paraplydans og mobilpeis