Åtte festivalar får tilskot frå Kulturrådet, ein av dei får mindre enn i fjor

MINDRE: Countryfestivalen får 100.000 kroner mindre i tilskot frå kulturrådet i år enn i fjor.

MINDRE: Countryfestivalen får 100.000 kroner mindre i tilskot frå kulturrådet i år enn i fjor. Foto:

Kulturrådet gir tilskot til 171 norske festivalar, åtte av dei er i Sogn og Fjordane.

DEL

Ifølge ei pressemelding frå Kulturrådet er det berre ein av dei åtte som får redusert tilskot samanlikna med fjoråret. Countryfestivalen på Reed får 100.000 kroner mindre, noko festivalsjef Arve Kleppe tek med stoisk ro.

– Vi må berre akseptere det vi får, og for oss betyr det at vi må justere inntektene tilsvarande. Men det hindrar ikkje at vi skal lage tidenes beste countryfestival i 2020, der mellom andre Carlene Carter inntek scena, seier Kleppe.

Hans festival får totalt 1,1 million kroner i til skot frå kulturrådet. Største potten i vårt fylke går til Folkemusikkfestivalen i Førde som får ei løyving på 6,3 millionar etter å ha søkt om 7,1 millionar.

Desse festivalane i Sogn og Fjordane får tilskot frå kulturrådet: Balejazz 200.000 kroner, Fjord Blues Festivalen 125.000, Gloppen Musikkfest 450.000, Malakoff 300.000, Stiftinga Norsk Country Treff 1,1 mill., Utkant 300.000, Fres Festival 175.000, Førdefestivalen 6,3 millionar kroner.

Totalt 171 festivalar i Norge får tilskot frå kulturrådet. Den totale potten er på 160 millionar kroner.

Artikkeltags