Emmylou Harris til Norsk Countrytreff

HOVUDARTIST: Emmylou Harris kjem til årets countryfestival i Breim.

HOVUDARTIST: Emmylou Harris kjem til årets countryfestival i Breim. Foto:

Den 71 år gamle artisten er årets trekkplaster til countryfestivalen på Breim.

DEL

– Dette er truleg det største artistnamnet vi har hatt gjennom våre 25 år, skriv festivalen i ei pressemelding.

Amerikanske Emmylou Harris har selt over 15 millionar album og har vore artist sidan 1969.

På Breim skal ho opptre under kyrkjekonserten saman med mellom anna Longhorn, Girls Gone Country, Trond Svendsen & Tuxedo, Big B, The Bluegrass Boogiemen og Sigrid Moldestad.

Festivalen går av stabelen frå 10. til 14. juli.

Artikkeltags