Her er festivalprogrammet til Norsk Countrytreff 2018

SUPERSTJERNE: Tanya Tucker kjem for å spele på årets countrytreff på Breim.

SUPERSTJERNE: Tanya Tucker kjem for å spele på årets countrytreff på Breim. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KULTUR: Norsk Countrytreff har lansert årets komplette festivalprogram. Superstjerna Tanya Tucker og dei lokale heltane «Longhorn» er blant artistane som kjem til det 24. countrytreffet.

DEL

12. til 15. juli er det igjen tid for country på Breim. Superstjerna Tanya Tucker med ni Grammy-nominasjonar kjem heilt frå USA. Det gjer også bluegrassbandet «Nothing Fancy», Dylan Earl og «Nashville Skyline»

NYKOMMAR: Dylan Earl kjem til Norsk Countrytreff

NYKOMMAR: Dylan Earl kjem til Norsk Countrytreff Foto:

Famnar breitt

Countrytreffet meiner at 2018 blir eit år der dei treff alle som har eit forhold til country.

– Vi vil famne breitt, både når det gjeld artistar og publikumsmessig. Det blir countrymusikk for alle, frå dei aller minste i barnehagen, til dei aller eldste på aldersheimane, skriv Norsk Countrytreff i ei pressemelding.

I år står 13 norske band på programmet. Nokre står fram som dei beste i sin sjanger, medan andre er unge og svoltne, skriv dei.

VETERANAR: Vassendgutane spelar på årets festival

VETERANAR: Vassendgutane spelar på årets festival Foto:

Lokale heltar

Frå fylket kjem «Longhorn», medan Håvard Skåtun og «Gunslingers» tek turen frå Hordaland. Møre og Romsdal stiller med Sivert Bjørdal, «Vassendgutane» og «Rotlaus»

Av andre norske artistar, kjem «G.Thomas», «Get Rhythm», Hege Øversveen, Terje Iversen, Hanne Sørvaag og «Steff Nevers», i tillegg til «Fat Fred & The Possumhunters»

Frå Sverige kjem «Willy Clay Band» tilbake til festivalen. Tyskland stiller med «The Tumblin' Groove»

Artikkeltags