Nominert til filmpris

Helene Bergsholm som Alma i "Få meg på for faen".

Helene Bergsholm som Alma i "Få meg på for faen". Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Rolla som seksuelt frustrert 15-åring kan gi henne ettertrakta statuett.

DEL

Tysdag vart nominasjonane for årets Amandapris annonserte.

Førde-jenta Helene Bergsholm er nominert i kategorien beste kvinnelege skodespelar for rolla som den seksuelt frustrerte 15-åringen Alma i "Få meg på for faen".

Kategorien har i år berre to nominerte. Konkurrenten er dermed Noomi Rapace for si rolle i Babycall. I kategorien beste mannlege skodespelar er det derimot fire nominerte.

– Eg håpar det er tilfeldig i år, men det er ikkje til å leggje skjul på at dette er ein veldig mannsdominert bransje, seier juryleiar Jan Eggum til NRK.

"Få meg på for faen" er basert på boka med same namn av Olaug Nilssen frå Førde.

Fleire kategoriar
Det er ikkje berre Bergsholm som er nominert frå filmen. Den er også nominert i kategoriane beste kinofilm, beste filmmanus, beste foto og beste musikk. Malin Bjørhovde er nominert for beste kvinnelege birolle.

Regissør Jannicke Systad Jacobsen feirar nominasjonane med eit glas cava i sola saman med Bjørhovde i Oslo. Ho er overraska over nominasjonane.

– Det syns eg er veldig, veldig hyggjeleg. Det kom veldig overraskande på, men eg er veldig glad for det, seier Jacobsen.

Kva er det med filmen som gjer at den er nominert i så mange kategoriar?

– Det er vanskeleg å setje ord på. Eg og mine kollegaer har gjort så godt vi kan. Det er kanskje ei original historie og måten den er laga på er ikkje heilt vanleg. Når filmar blir laga på bygda blir dei meir sånn bygdetullingar, men det har ikkje denne filmen vorte. Kanskje vi har tatt fleire ting på alvor.

Set Bergsholm høgt
Systad Jacobsen fortel at alle nominasjonane ligg hjartet nær, men at ho er ekstra glad for Bergsholm sin nominasjon.

– Den er eg utruleg glad for. Det er ei vanskeleg rolle, og ho har gjort ein utruleg fin jobb. Det er ei viktig rolle i filmen, og at det har gått så bra hos kritikarar i heile verda er fantastisk. Det betyr mykje for meg at ho har fått så mykje ut av dette.

Også nominasjonen for beste foto til Marianne Bakke seg Jacobsen høgt.

– Det er Marianne sin debutfilm, og vi har jobba mykje med å skape stemninga i filmen.

Vanskeleg naturleg
Malin Bjørhovde spelar bestevenninna Sara i filmen. Saman med Linn Skåber og Cecilie A. Mosli er ho nominert for beste kvinnelege birolle.

– Det er vanvittig kult å bli nominert. Spesielt saman med Linn Skåber. Men eg trur ikkje eg har så mykje å stille opp med mot slike drivne damer.

Det mest utfordrande med rolla var å ikkje overdrive.

– Eg spelar ein litt trist person, men det er lett å sjå når ein overdriv. Å prøve å gjere det naturleg, men komme med kjensler utan at det blei for mykje var utfordrande.

Den norske filmprisen vert delt ut 17. august i Haugesund.

Årets nominasjonar:

Beste norske kinofilm

Babycall, produsent Turid Øversveen for 4 ½ Fiksjon, regi Pål Sletaune

Få meg på, for faen, produsent Brede Hovland og Sigve Endresen for Motlys, regi Jannicke Systad Jacobsen

Kompani Orheim, produsent Yngve Sæther og Sigve Endresen for Motlys, regi Arild Andresen

Pushwagner, produsent Carsten Aanonsen for Indie Film, regi Even G. Benestad og August B. Hanssen

Beste barnefilm

Blåfjell 2 – Jakten på det magiske horn, regi Arne Lindtner Næss, produsent Jørgen Storm Rosenberg og Lasse Greve Alsos for Storm Rosenberg AS

Knerten i knipe, regi Arild Østin Ommundsen, produsent Finn Gjerdrum og Stein B. Kvae for Paradox

Til siste hinder, regi Anders Øvergaard, produsent Kathrine Haugen for Filimo Film og Odd G. Iversen for Atomfilm

Beste regi

Morten Tyldum, Hodejegerne

Arild Andresen, Kompani Orheim

Joachim Trier, Oslo, 31. august

Beste kvinnelege skodespelar

Noomi Rapace, Babycall

Helene Bergsholm, Få meg på, for faen

Beste mannlege skodespelar

Kristoffer Joner, Kompani Orheim

Anders Danielsen Lie, Oslo, 31. august

Sven Nordin, Sønner av Norge

Aksel Hennie, Hodejegerne

Beste kvinnelege birolle

Cecilie A. Mosli, Kompani Orheim

Malin Bjørhovde, Få meg på, for faen

Linn Skåber, Kong Curling

Beste mannlege birolle

Kristoffer Joner, Babycall

Jon Øigarden, Varg Veum–I mørket er alle ulver grå

Mads Ousdal, Arme riddere

Beste filmmanus

Pål Sletaune, Babycall

Jannicke Systad Jacobsen, Få meg på, for faen

Arild Andresen og Lars Gudmestad, Kompani Orheim

Beste foto

John Andreas Andersen, Babycall

Marianne Bakke, Få meg på, for faen

Jakob Ihre, Oslo, 31. august

Beste produksjonsdesign / scenografi

Roger Rosenberg, Babycall

Solfrid Kjetså (scenografi) og Jørgen Stangebye Larsen (produksjonsdesign), Oslo, 31. august

Are Sjaastad, Sønner av Norge

Beste visuelle effektar

Morten Moen og Torgeir Sanders, Babycall

Lars Erik Hansen og Jan Svalland, Hodejegerne

Eirik Aanonsen og Christer Engström, Pushwagner

Beste musikk

Knut Avenstroup Haugen, Fuck Up

Ginge Anvik, Få meg på, for faen

Gisle Martens Meyer, Pushwagner

Peder Kjellsby, Varg Veum–De døde har det godt

Beste klipp

Jon Endre Mørk, Babycall

Olivier Bugge Coutté, Oslo, 31. august

Erik Andersson, Pushwagner

Beste lyddesign

Tormod Ringnes og Christian Schaanning, Babycall

Nicolai Linck og Andreas Kongsgaard Mogensen, Into the White

Gisle Tveito, Oslo, 31. august

Beste kortfilm

Og leken er god, regi Vibeke Heide, produsent Vibeke Heide

Prematur, regi Gunhild Enger, produsent Gudrun Austli for Motlys AS

Å vokte fjellet, regi Izer Aliu, produsent Elisabeth Kvithyll for Den norske filmskolen

Beste dokumentarfilm

Folk ved fjorden, regi Øyvind Sandberg, produsent Jorunn Botne og Øyvind Sandberg for Øy-Film

Havets sølv, regi Are Pilskog, produsent Are Pilskog for Blåst Film

Sju kammers – Frontsøstrene, Karoline Grindaker og Hilde K. Kjøs, produsentar Hilde K. Kjøs og Karoline Grindaker for Mica Film

Beste utanlandske kinofilm

The Artist, regi Michel Hazanavicius, distributør Scanbox

Drive, regi Nicolas Winding Refn, distributør SF Norge

Hugo Cabret, regi Martin Scorsese, distributør UIP Norge

Muldvarpen, regi Tomas Alfredson, distributør SF Norge

Play, regi Ruben Östlund, distributør Arthaus

Artikkeltags