Gå til sidens hovedinnhold

No er galskapen i gang

Artikkelen er over 8 år gammel

Spring 431 kilometer på sju dagar.

I dag starta teatersjef Terje Lyngstad ved Sogn og Fjordane teater ein løpetur på 431 kilometer fordelt på sju dagar. Løpeturen er eit stunt for å marknadsføre teaterstykket «Mensen Ernst – løpekongen frå Sogn», som har urpremiere i Førde torsdag 26. september.

– Det går unna i regnvêret her no, seier marknadsrådgjevar ved teateret, Kjell Mjelleli, som er med Lyngstad under marathonløpa.

Iført ei blå påfugldrakt med ekte påfuglfjør frå Svanøy på ryggen, spring teatersjefen over eit marathon i snitt kvar dag. Årsaka til det er at det i gamle tekstar er oppgitt at Mensen Ernst hadde ei påfugldrakt. Korleis den såg ut veit ingen, men Anna Wingård som er kostymeansvarleg på teateret, har laga sin versjon. Tilsvarande drakt vil også Kyrre Eikås Ottersen ha når han skal ha hovudrolla i teaterstykket.

Les også: Ti maraton på ei veke i denne drakta

Den omfattande turen som Lyngstad legg ut på, har fleire mål.

– Sjølvsagt teaterstykket vi skal setje opp. Å gjere det kjent, og få publikum med. Men også idretten er viktig her, og Sogn og Fjordane idrettskrins er involvert, og lokallag over heile fylket skal vere med å lage arrangement undervegs. I tillegg blir dette ein del av fylkesjubileet, og eg kjem til å springe inn til Leikanger, som er stoppestaden, midt under feiringa av at fylket i år er 250 år, seier Lyngstad.

Teatersjefen starta det som ikkje akkurat er ein søndagstur, i dag klokka 06.30 ved fylkesgrensa, og vil halde fram til kring klokka 14 i dag, før han i kveld held foredrag om teaterstykket.

Lyngstad skal i løpet av dei neste sju dagane springe følgjande etappar:

  • Åheim-Måløy 49 kilometer
  • Oldeide-Hauge 10 kilometer
  • Hauge-Smørhamn 13 kilometer
  • Kjelkenes-Eikefjord 38 kilometer
  • Eikefjord-Vevring 39 kilometer
  • Gjelsvik-Askvoll 32 kilometer
  • Fure-Rysjedalsvika 42 kilometer
  • Rutledal-Brekke 22 kilometer
  • Brekke-Kringla 11 kilometer
  • Kringla-Oppedal 15 kilometer
  • Oppedal-Bjordal 32 kilometer
  • Bjordal-Ortnevik 24 kilometer
  • Skuongen-Vik 26 kilometer
  • Vik-Fresvik 37 kilometer
  • Fresvik-Vangsnes 25 kilometer
  • Hella-Leikanger 16 kilometer
  • Totalt 431 kilometer

Kommentarer til denne saken