No blir han nynorsk-general

Reidar Sandal er ny styreleiar i Nynorsk kultursentrum.

Reidar Sandal er ny styreleiar i Nynorsk kultursentrum.

Artikkelen er over 7 år gammel

Reidar Sandal har fått nytt verv

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

– Eg er veldig glad for å få vere styreleiar for ein kulturinstitusjon med så utfordande og spennande oppgåver som Nynorsk kultursentrum står overfor.

Det seier Reidar Sandal i ei pressemelding.

Sandal er ny styreleiar i Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet, Dei nynorske festspela og nettstadene aasentunet.no og tunkatten.no.

– Eg har stor respekt for det arbeidet som er utført og dei strategiske vurderingane styre og tilsette har gjort. Nynorsk kultursentrum må framleis vere markerte og offensive i arbeidet sitt, og eg skal gjere mitt, seier den tidlegare stortingsrepresentanten.

I dag er han konsulent i Sunnfjord næringsråd. Sandal tek over etter Oddvar Haugland, tidlegare direktør i NOKUT, det nasjonale fagorganet for kvalitet i utdanninga.

Med seg i styret har Sandal mellom anna Georg Arnestad frå Sogndal.

Artikkeltags