Eldrid Lunden nominert til Nordisk råds litteraturpris

NOMINERT: Eldrid Lunden frå Naustdal er nominert for diktsamlinga «Det er berre eit spørsmål om tid» som ho tileigna ektemannen som døydde i 2014.

NOMINERT: Eldrid Lunden frå Naustdal er nominert for diktsamlinga «Det er berre eit spørsmål om tid» som ho tileigna ektemannen som døydde i 2014. Foto:

Av

Dei norske forfattarane Eldrid Lunden, Inga Ravna Eira og Jan Grue er nominerte til Nordisk råds litteraturpris.

DEL

Eldrid Lunden frå Naustdal er nominert for diktsamlinga «Det er berre eit spørsmål om tid» og Jan Grue for sjølvbiografien «Jeg lever et liv som ligner deres. En levnetsbeskrivelse».

Samiskspråklege Inga Ravna Eira er nominert for diktsamlinga «Dette er ikke den jorda»

Muskelsjukdom

Lunden har gitt ut ei rekke diktsamlingar og essaysamlingar og har mellom anna fått Brageprisens heiderspris for virket sitt. Ho er òg Noregs første professor i skjønnlitterær skrivekunst og har leidd forfattarstudiet i Bø i mange år.

Diktsamlinga «Det er berre eit spørsmål om tid» er tileigna Lundens ektemann gjennom 20 år som døydde i 2014. Den er skriven i dei fire åra etterpå og har fått sjangernemninga «kalenderdikt».

Jan Grue jobbar som professor ved Universitetet i Oslo. Han debutert i 2010 og har skrive noveller, barnebøker, ein roman og fagbøker. «Jeg lever et liv som ligner deres. En levnetsbeskrivelse» er ein sjølvbiografi om livet som familiefar med ein yrkeskarriere, men som òg har ein medfødt muskelsjukdom og er rullestolbrukar.

Nordsamisk

Inga Ravna Eira som bur i Karasjok, er nominert innanfor det samiske språkområdet. Forfattaren skriv nordsamisk og har gitt ut lyrikk, noveller og barnebøker. Ho har òg arbeidd med performancekunst.

Diktsamlinga "Ii dát leat dat eana" («Dette er ikke den jorda») har klimaendringar som tema, og ein sterk nærleik til naturen pregar teksten.

13 nominerte

Til saman er 13 verk og forfattarar nominert til årets pris. Vinnaren blir offentleggjorde 29. oktober i Stockholm.

Frå Danmark er forfattarane Jonas Eika og Helle Helle nominert. Frå Finland Marianna Kurtto og Lars Sund. Grønland har nominert Pivinnguaq Mørch.

Frå Island er forfattarane Kristín Eiríksdóttir og Kristín Ómarsdóttir nominerte og frå Sverige Isabella Nilsson og Sami Said.

I 2018 fekk den islandske forfattaren Audur Avea Olafsdottir prisen for romanen «Ör» («Arr»).

Nordisk råds litteraturpris har vorte delt ut sidan 1962. Den blir gitt for eit skjønnlitterært verk som er skrive på eitt av dei nordiske språka. Prisen er på 350.000 danske kroner.

Artikkeltags