Uviss framtid for tradisjonsrik uteplass

I TENKEBOKSEN:  – Kva som skal skje med Treskeværket vil bli avgjort i løpet av januar, seier Odd Erik Gullaksen ved Scandic Sunnfjord Hotell.

I TENKEBOKSEN: – Kva som skal skje med Treskeværket vil bli avgjort i løpet av januar, seier Odd Erik Gullaksen ved Scandic Sunnfjord Hotell. Foto:

FØRDE: Uteplassen Treskeværket ved Scandic Sunnfjord Hotell i Førde kan snart vere historie.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Låge besøkstal gjer at vi vurderer å avslutte drifta av Treskeværket, seier Odd Erik Gullaksen, direktør ved Scandic Sunnfjord Hotell.

Treskeværket held til i kjellaren under det som i daglegtale berre omtala som Sunnfjord Hotell, og drifta av utestaden vert no vurdert i samband med det som no skjer av investeringar andre stadar på hotellet.

– Vi bygger ny klubbscene, fornyar barar og andre avdelingar ved hotellet, og i den samanheng kan det bli aktuelt å stenge Treskeværket for ein kortare eller lenger periode.

Men dersom Treskeværket skulle bli stengt, har Gullaksen ingen planar om å redusere aktiviteten ved hotellet han leiar. Tvert om.

– Aktiviteten vert eventuelt flytta til andre delar av hotellet, for målet vårt er å auke aktiviteten ved Scandic Sunnfjord Hotell ved å auke kulturtilbodet i Førde og bidra til høgare aktivitet innan utelivsbransjen i Førde. No planlegg og bygger vi for å vere klare i løpet av sommaren og hausten. Men som sagt; vi har førebels ikkje bestemt korleis skjebne Treskeværket skal få, avsluttar Gullaksen.

Artikkeltags