Aldri før har Malakoff-billettane forsvunne så fort

MALAKOFF: Dette er frå rockefestivalen i fjor. Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal trur i år vert endå betre.

MALAKOFF: Dette er frå rockefestivalen i fjor. Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal trur i år vert endå betre. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

EID: Malakoff Rockefestival utvidar no til tre dager med teltliv og musikk, og billettane er snart vekke.

DEL

– Det er som å levere inn lottokupongen kvar veke, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Han beskriv korleis det er å booke artistar til Malakoff. I år utvidar dei med festivalpass for tre dagar, og då er det viktig med gode artistar.

– Vi har aldri hatt så mange rockeartistar som vi har i år. I tillegg har vi store ungdomsartistar og musikk som fangar det eldre publikummet, seier Naustdal.

Snart tomt for billettar

Naustdal fortel at rockefestivalen har vore utseld dei siste åra, men at dei aldri har vore så langt framme på billettsalet som no. Så mykje som dei har seld per 24. april i år, hadde dei tilsvarande tal på 16. juni i fjor. I alle år har 60 % av salet på billettar vore i den siste månaden før festivalen startar, men i år har dette snudd. Aldri før har dei seld så mykje billettar så tidleg.

– Nøkkelen er nok artistprogrammet. Vi har artistar som berre spelar på Malakoff i år – slik som Biffy Clyro og Refused. I tillegg har vi store, norske publikumsartistar. Eg spår faktisk at vi kjem til å få den beste Malakoff-festivalen nokon sinne. Held salet fram går vi mot utseld festival i tillegg til publikumsrekord, seier ein spent festivalsjef. 

Den nye typen billett, tredagarspasset, er også snart vekke. Naustdal er glad dei tok avgjersla om å utvide festivalen, då dette er noko dei har snakka om i fleire år. Naustdal håpar dette kan halde fram dei neste åra.

– Det har kommen tilbakemeldingar frå publikum som vil ha lengre festival, også er det veldig synd å rive ned alt når staben har rigga lenge i førevegen.

HEADLINER: Ifjor gjesta Iggy Pop rockefestivalen. Årets største namn er mellom anna Karpe Diem, Biffy Clyro, Turbonegro og Alan Walker.

HEADLINER: Ifjor gjesta Iggy Pop rockefestivalen. Årets største namn er mellom anna Karpe Diem, Biffy Clyro, Turbonegro og Alan Walker. Foto:

– Kjem de til å utvide endå meir?

– Draumen er å få til ei heil veke med aktivitetar i Nordfjord-regionen. Folk kjem langvegs frå, og er her gjerne fleire dagar i førevegen. Her er potensial til å samarbeide meir, og skape arrangement i heile distriktet. Turistane kan komme hit å surfe, sykle, gå på ski, og avslutte med Malakoff. 

Ikkje verdas navle geografisk sett

Å lage festival er ikkje berre ein dans på roser. Det bring med seg ulike utfordringar, og Naustdal fortel at det ligg mykje arbeid bak.

– Sjølv om ein lukkast med fjoråret må ein brette opp armane og gjere det endå betre til neste år, seier festivalsjefen.

Han seier at Malakoff kan måle seg med dei fleste festivalar i resten av landet, og då må det ligge hardt arbeid i botn. Plasseringa av festivalen er for eksempel ei utfordring.

– Nordfjordeid går frå 3000 menneske til 12.000 på ei helg. Det er problem med overnatting og parkering. Folk kjem og kjenner ingen. Det er ikkje akkurat verdas navle geografisk sett, så det vert nokre hindringar for folk.

Naustdal fortel om to jenter frå England som ringde. Dei vil komme til årets festival.

– Korleis skal dei komme seg hit? Vi prøve å forklare at dei måtte fly til Bergen, så er det båt eller buss vidare. Kor skal dei overnatte? Det er ein del logistikk som skal på plass, seier Naustdal med ein liten latter.

Artikkeltags