Bjørn Eidsvåg opnar Balejazz

ARTIST: Bjørn Eidsvåg er ein av artistane som skal opptre på Balejazz i Balestrand.

ARTIST: Bjørn Eidsvåg er ein av artistane som skal opptre på Balejazz i Balestrand. Foto:

Onsdag vart det kjent at Kjartan Lauritzen er bekrefta til Balejazz. No er også resten av programmet klart.

DEL

– Det blir noko for ein kvar smak, alt frå smal jazz til store publikumsfavorittar som Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland. Men det er også kjekt å kunne mønstre fleire kvalitetsartistar frå nærområdet i Sogn og Fjordane. Fylket vårt har fostra fleire gode musikarar. Og fleire av dei kjem til Balejazz denne gongen, seier festivalsjef Sigurd Kvikne i ei pressemelding.

Programmet for årets Balejazz er klart. Festivalen går frå fredag 3. mai til søndag 5. mai. Bjørn Eidsvåg med band står for opninga i Kviknesalen på fredagen.

– Det er vi glade for. Han er ein av dei best likte artistane i Norge, og det er jo berre å velje og vrake mellom kjende songar. Dette blir ei veldig flott opning, seier Kvikne.

Lokale musikarar

Fredag skal også Mathias Eick med vener, Brooklyn-trioen Moon Hooch og HP Gundersen spele. Første kvelden vert avslutta med eit lokalt band frå Årdal, veteranane Lava, som kjem med ny plate i vår. Dei har med seg den danske soulartisten Hanne Boel.

Til den tradisjonelle konserten i Den engelske kyrkja kjem trompetisten, komponisten og produsenten Nils Petter Molvær. I hotellhagen laurdag skal bandet Stilige Dann med lokale musikarar frå Sogn heidre Steely Dan.

DJ frå Datarock

Laurdagen held fram med Sigvart Dagsland og pianisten Tord Gustavsen, Thea Hjelmeland, Rebekka Bakken, Steinar Raknes, Unni Wilhelmsen og Haakon Graf Trio.

Det vert diskotek med DJ Fredrik Saroea frå Datarock på laurdagskvelden, medan balestrendingen, Kjartan Lauritzen, avsluttar kvelden.

– Det er kvalitet i kvar konsert denne helga. Så for publikum kan det nesten bli vanskeleg å velje, seier Kvikne i pressemeldinga.

Fullt program:

Bjørn Eidsvåg

Lava & Hanne Boel

Sigvart Dagsland med Tord Gustavsen

Kjartan Lauritzen

Thea Hjelmeland

Rebekka Bakken

Steinar Raknes & Unni Wilhelmsen

Haakon Graf Trio

Mathias Eick m/Aase og Slettevold

Moon Hooch

The last hurrah!!

Nils Petter Molvær

Stilige Dann

Hildo

DJ Fredrik Saroea

Jazz, wine & dine med vinkelner Merete Bø og Sjur Hjeltnes

Unge talent

Artikkeltags