Det var musestille i klasserommet då urpremieren av teaterstykket «Du ana'kje» av Aslak Moe gjekk av stabelen fredag - inne på Karlsens gamle skule, Eikefjord skule.

- Mobbing er dumt!

Stykket er basert på skulekvardagen til Tor Henning Karlsen (35). Han opplevde mobbemareritt i årevis.

Det var 8. klasse ved Eikefjord skule som var først ute som publikummarar av totalt 3000 elevar.

– Det var interessant å sjå kva liv han hadde, sa åttandeklassing Line Kristine Sørbø etter stykket.

– Mobbing er dumt. Hadde vi oppdaga mobbing, ville vi prøvd å stoppe det, la ho til saman med Erlend Akselsen.

Ungdommane hadde følgjande å sei om mobbarar:

– Har dei verkeleg ikkje noko betre å gjere?

Ville ikkje vere der

– Eg torde ikkje spele fotball. Eg var målet. Dei ville sparke ballen på meg.

Slik går delar av innhaldet i det nye teaterstykket, som er sett frå Karlsens side. Han jobbar som reinhaldar, og ser tilbake på skuletida si.

Men sjølv ville hovudpersonen ikkje vere til stades.

– Eg vart imponert då eg såg stykket førre veke. Eg kjenner meg att gjennom skodespelaren. Det er rørande at det vert vist så mykje interesse for det eg har opplevd. Men eg ønskte, saman med Sogn og Fjordane Teater (SoFt), å ikkje vere til stades på Eikefjord skule, seier Karlsen.

Sidan media var til stades, frykta både SoFt og Karlsen at det ville bli for mykje fokus på hans fortid i staden for teaterstykket.

– Eg er glad vi bestemte det slik, seier eikefjordingen.

Mange timer med intervju

Stykket er basert på timeslange intervju med Karlsen, som på slutten av nittitalet fekk erstatning frå Flora kommune etter å ha blitt mobba gjennom grunnskulen.

I stykket ser rollefiguren (Kyrre Eikås Ottersen) tilbake på vonde hendingar som fysiske åtak, utestenging og stygge kallenamn.