Florø-mann på Mount Everest i natt

Håkon Åsvang på toppen av Elbrus i 2014.

Håkon Åsvang på toppen av Elbrus i 2014. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Kvart på fire natt til i dag sette Håkon Åsvang frå Florø sine bein på toppen av verdas høgaste fjell. Han er den første frå Sogn og Fjordane som har vore der.

DEL

- Vi fekk beskjed om at dei gjekk mot toppen klokka seks i går kveld, fortel far hans, Harry Åsvang, som bur i Fusa i Hordaland. Sonen Håkon vaks opp i Fusa, men har budd i Florø sidan 1994.

Mor og far til Håkon Åsvang sat oppe heile natta, djupt ottefulle forkorleis dette skulle gå. I nattemørket skulle sonen no ta seg opp 1750 høgdemeter over is og bratte, glatte berg, frå camp 3 på 7100 moh. til toppen på 8848 meter over havet.

Camp 2, under Mount Everest

Camp 2, under Mount Everest Foto:

- Dei ville gå med hovudlykter. Veret var meldt bra, så dei ville komme tidleg av garde for å sleppe å gå i kø oppover. Sola står visst opp på toppen klokka halv to om natta fortel Harry Åsvang.

 -Det vart ei lang natt. Vi såg jo den der dokumentaren om folk som prøver å komme seg på Everest, der låg det fem karar som hadde stivna i isen der oppe.

- Var de litt bekymra?

- Meir enn berre litt! Han gjekk i lag med ein kamerat, Mats Steinsland, og det var berre han som hadde noko å kommunisere med, noko dei kallar ein tracker. Først klokka kvart på tre fekk vi melding frå sambuaren til Steinsland, om at han hadde sendt ei melding frå toppen: "Summit! Klarte det!!! Jeg står på toppen av Mount Everest!" lydde meldinga.

På veg opp. Håkon Åsvang bakerst i midten.

På veg opp. Håkon Åsvang bakerst i midten.

- Vi lurte jo fælt på kor det var blitt av Håkon, då. Sidan han ikkje var nemnt.

Ein time seinare fekk dei beskjed om at Håkon var komen på toppen.

- Det var ein veeeldig lang time.

Men så kom meldinga om at også Håkon hadde nådd toppen.

- Då var vi veldig letta. Veldig glade. No har vi og fått melding om at dei er komne ned att til camp 3, seier Harry Åsvang.

Kanskje nokonlunde trygge

- Så då er dei i trygg behald?

- Då er dei kanskje sånn nokonlunde trygge, ja.

Svein Bruheim driv firmaet Bravo Seafood  Florø saman med Håkon Åsvang.

- Korleis er det å drive firma saman med ein slik fjellfant, då?

- Ha ha, nei, det går bra, det. Det er no først dei siste åra han er vorten så fjellgalen. Han var på Aconcagua (høgste fejllet i Sør-Amerika) i fjor, og på Elbrus (hølgste fjellet i Europa) året før det.

Dreg bildekk til fjells

Åsvang har trent og jobba knallhardt dei siste  par åra for å vere i form til turen til verdas høgste fjell, fortel Bruheim:

- Kvar einaste morgon har han dratt eit bildekk etter seg opp til toppen av Brandsåsen. Og rukke å komme på jobb før klokka åtte. Eg veit ikkje kor mange dekk han har slete ut på vegen der, men det er ikkje få.

Turen til Mount Everest begynte på sett og vis tidleg i april, fortel Bruheim.

Mount Everest ruvar i bakgrunnen. Menneska blir veldig små.

Mount Everest ruvar i bakgrunnen. Menneska blir veldig små. Foto:

- Då reiste han til Sør-Amerika for å trene i høgda og få høgdetilvenning der. Der var han i fjorten dagar, så kom han heim og var på jobb i ei veke, og så drog han til Nepal.

Planen var å nå toppen på Mount Everest rundt 20. juni.

- Men for tre dagar sidan fekk vi melding om at alt hadde gått så greitt, og veret var meldt så bra, at dei ville prøve å nå toppen i pinsehelga.

Og det klarte dei.

Les og: Utfordra Dødsfjellet

Artikkeltags