Meir Apneseth på Eikaasgalleriet
Stor publikumstilstrøyming. Viser fram nye bilete.
Grunna stor etterspurnad har Sogn og Fjordane kunstmuseum gjort avtale om å forlengje utstillinga av fotograf Oddleiv Apneseth sitt «Jølster 2008»-prosjekt på Eikaasgalleriet.
Blant dei best besøkte
Meir enn 2000 menneske har vore innom utstillinga, som dermed er ei av dei best besøkte i galleriet på Ålhus nokon sinne.
– I tillegg til ein bra sommarsesong gjer suksessen til Apneseth at året, som heilskap, vert det beste i dette tiåret, skriv direktør Morten Johan Svendsen i ei pressemelding.
Ope i romjula
Apneseth har enno mange motiv som ikkje er synt fram i Eikaasgalleriet. Før utstillinga vert gjenopna til helga skal ein del arbeid skiftast ut, men utstillinga som heilskap vil ikkje skifte karakter.
– Galleriet vert ope i romjula og vi ønskjer å vere eit tilbod for alle dei som kjem heim til jul. Veka før jul, frå 14. desember, er galleriet kveldsope til kl 20 om kvelden. Elles vert galleriet berre ope i helgane for vanlege besøk, men det er framleis høve for grupper å tinge opning etter avtale, skriv Monsen.
Juletradisjonar
Forutan Apneseth-foto, vert den tradisjonelle juleverkstaden, leia av kunstnarane Karen Helga Maurstig og Jorunn Mulen, også i år ein del av desemberprogrammet ved Eikaasgalleriet.
Tradisjonen tru held også Synnøve Bjørset sin Synnøves Julekonsert. Ho har i år med seg Lena Skjerdal på song.