Målprisen 2006 til Olaug Nilssen

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Forfattar Olaug Nilssen frå Førde har fått Målprisen 2006.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

-Forfattar Olaug Nilssen har markert seg som ein flott frontkjempar for retten til å få skrive nynorsk i dei store Oslo-avisene. Dette set vi i Norges Mållag stor pris på, sa Nils Ulvund, fungerande leiar i Noregs Mållag då Målprisen 2006 vart delt ut under festmiddagen i Rådhuset i Oslo laurdag kveld.

Nilssen har skrive bokmeldingar i aviser og tidsskrift, og er kjend for å ha takka nei til å melde bøker i Dagbladet, mellom anna på grunn av at ho ikkje fekk skrive nynorsk.

-Ho er eit førebilete for unge målfolk og det var difor naturleg at det var Olaug Nilssen som heldt talen ved opninga av hundreårsmarkeringa til Noregs Mållag tidlegar i år, sa Ulvund.

Artikkeltags