Krigssenteret i Måløy opna i fjor, no er det nær konkurs

Stiftelsestilsynet vurderer Måløyraidsenteret som teknisk konkurs.

DEL

Det melder NRK og Fjordenes Tidende.

Måløyraid Senteret er eit krigshistorisk kunnskapssenter, som fortel historia bak Måløyraidet i 1941. Senteret opna i august 2018.

Ifølge NRK har billettinntektene svikta. Senteret klarer ikkje å betale avdrag på eit banklån på 5,5 millionar kroner og leverandørgjelda er på 2,5 millionar kroner. Underskotet i fjor var på over 800.000 kroner.

Musea i Sogn og Fjordane ikkje har teke imot eit godkjent rekneskap for 2018 frå senteret og held tilbake tilskotet for i år som er på 600.000 kroner.

– Dei er i ein veldig alvorleg situasjon. Dette gjer at vi ønskjer endå meir tryggleik for at pengane senteret får blir brukt etter føresetnadene. Det er uaktuelt å betale ut midlar slik situasjonen er i dag, seier direktør Kjartan Aa Berge ved Musea i Sogn og Fjordane til NRK.

Sparka styret

Lotteri- og stiftelsestilsynet vurderer Måløyraid Senteret som teknisk konkurs.

På grunn av manglande kontroll og styring av senteret sin økonomi, konkluderte Lotteri- og stiftelsestilsynet førre veke at heile det eksisterande styre måtte gå, utanom éin.

Økonomisjef i Vågsøy kommune, Norvall Bakke, er ny styreleiar ved Måløyraid Senteret. Han seier til NRK at målet er å få ein sunn økonomi og kontroll på situasjonen.

– Får vi ikkje noko løysing med kreditorane, er det ein reell risiko for konkurs. Men vi jobbar for å unngå å kome dit.

Artikkeltags