Trudde dei skulle spele i gata, vart allsong frå storscena i staden

Vestlandet-jentene er f. v. Anna Naustdal (13), og Vilde Hjelle. Med bursdag i august vil Vilde gjerne stå som fjortenåring.

Vestlandet-jentene er f. v. Anna Naustdal (13), og Vilde Hjelle. Med bursdag i august vil Vilde gjerne stå som fjortenåring. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

MGPjr-vinnarane Vilde og Anna har vakse opp i festivalbygda, laurdag vart den sjarmerande duoen dei yngste artistane som har spela på storscena til Malakoff.

DEL

– Over eit fjell, gjennom ein tunnel ...

Allsong-faktoren er stor i det nordfjordeid-jentene Vilde og Anna set i gang å synge vinnarlåten si frå MGPjr, «Vestlandet» på Malakoff si storscene.

– Vi visste at vi skulle spele på Malakoff, men vi trudde det skulle vere på ein pop-up konsert eller på sommarlutt-scena. Så vi vart overraska over å høyre at vi skulle stå på storscena. Det var ein fantastisk oppleving! fortel Vilde oppglødd etter konserten.

Anna er sliten i stemma og spør etter noko å drikke. Dei diskuterer ivrig seg imellom om det skal vere Solo eller Pepsi, og for Anna fell valet på Solo.

– Du veit, det er jo sol no, seier ho og ler av sitt eige ordspel.

Venneduoen sjarmerte seg til fleirtalet av stemmene i musikkonkurrasen.

Venneduoen sjarmerte seg til fleirtalet av stemmene i musikkonkurrasen. Foto:

Rocka laus sida fødselen

I liket med dei fleste andre unge som er oppvaksne på Nordfjordeid har dei eit sterkt forhold til Malakoff, og Anna er ikkje mindre enn dotter av festivalsjefen.

– Eg var vel 0 år første gongen eg var på Malakoff. Eg har alltid hatt lyst å stå på scena sjølv, og det var stort å stå der berre eit par timar før Karpe Diem, seier Anna. På spørsmål om kven som er favorittartisten er det ikkje tvil om at rap-duoen kjem høgt opp, og Anna vart seinare observert springande frå Kjartan Lauritzen til Karpe Diem for å få ein god plass. «Vestlandet» er ei folkeleg poplåt, mens musikken dei sjølv høyrer på rangerar frå Justin Bieber til Honningbarna og Biffy Clyro, som spelte på festivalen.

– Eg har vekse opp i ein rockefestival, så i tillegg til pop er eg veldig glad i rock av den litt rolegare typen, seier Anna.

Dei er storfans av Bieber, men også glad i musikken som høyrer til på rockefestival.

Dei er storfans av Bieber, men også glad i musikken som høyrer til på rockefestival. Foto:

Drøymer om å slå M&M

Av dei 29 artistane og gruppene som sto på scena i helga var det berre fem grupper som hadde kvinneleg fleirtal.

– Det er dumt at det er så få jenter som er med, det er jo ingen forskjell på kor flink artisten er basert på kjønnet. Dagny var for eksempel veldig bra! seier Anna.

– Det er jo slik at det er fleire jenter som er fan av gutar, enn gutar som er fan av jenter, poengterer Vilde.

Sjå jentene i aksjon på scena:

På spørsmål om kva dei drøymer om seier Vilde at det hadde vore kult å bli like store eller større enn vinnarane av MGPjr 2012, Markus og Martinus – sjølv om ho meiner det er eit stort mål. Eit av høgdepunkta frå Malakoff-konserten deira var då dei kom ut iført hettejakker og caps og gjorde eit perfekt cover av vinnarlåten til tvillingduoen, «To Dråper Vann".

Truleg festivalen sine mest populære artistar under 18.

Truleg festivalen sine mest populære artistar under 18. Foto:

- Det er klart vi elskar Vestlandet, men det som er kult med å reise rundt og spele konsertar er at vi også får oppleve mange nye plassar. Seinare skal vi for eksempel til Mo og Rana der vi aldri har vore før. Viss eg kunne fått velje hadde eg faktisk valt å kunne spele konsert kvar helg, det er så gøy! Det dumme er at eg hadde fått mindre tid med venner, men det hadde nok vore verdt det, seier Anna.

Heime i Nordfjordeid kan dei vere seg sjølv, og vennane deira behandlar dei på same måte som før. Men dei må ikkje dra langt utanfor heimbygda før dei begynner å få litt merksemd. Både venane deira og dei sjølv synest framleis det er litt rart når folk vil ta bilde med dei.

Musikkbygda Nordfjordeid

Malakoff-konserten vart opna med tre originale låtar frå den litt eldre Nordfjordeid-gruppa Indigo Child, og det lokale rockebandet Jackbow stakk av med sigeren på NRK sin Sommarlutt. Til å vere ei lita bygd pumpar dei ut mange unge musikalske talent.

Då jentene vann MGPjr-konkurransen i November vart dei gratulert av medlemmane i Indigo Child, som spela under pauseinnslaget i Oslo Spektrum. Laurdag sto dei saman på Malakoff-scena.

Då jentene vann MGPjr-konkurransen i November vart dei gratulert av medlemmane i Indigo Child, som spela under pauseinnslaget i Oslo Spektrum. Laurdag sto dei saman på Malakoff-scena. Foto:

– Eg trur det har med at vi har mange gode tilbod på Eid, frå kulturskule, skulemusikalar og UKM. Dessutan er det lågare terskel for å la unge sleppe til i for eksempel Operahuset og på Malakoff, seier Anna.

Til sist spør vi dei det store spørsmålet: – Synest de at vi bør slå saman Sogn og Fjordane med Hordaland og kalle storfylket for «Vestlandet»?

Begge tenker seg om og innrømmer at det ikkje har så store formeiningar om det.

– Men det kan vere dumt viss det er dei store plassane i fylket som overtar, og den lokale identiteten går tapt.

For som dei syng i songen: «den plassen som du bur på, e den finaste på jord».

Sjå blandt anna video frå konserten og mini-intervju på snapstoryen:

Malakoff 2017 gjennom Snapchat.

Artikkeltags