Klart for tredje opplag av villsaubok

BOK OM VILLSAU: Hilde Buer har skrive bok om villsau. Den går så godt at tredje opplag no er klart for sal.

BOK OM VILLSAU: Hilde Buer har skrive bok om villsau. Den går så godt at tredje opplag no er klart for sal. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

VÆRLANDET: Boka til Hilde Buer går som det susar.

DEL

Villsauboka, som er skriven og illustrert av Hilde Buer, vart gitt ut første gong i 2011. No er det klart for tredje opplag av boka til villsaubonden på Værlandet.

– Eg er litt spent på om vi klarar å selje dette opplaget òg. Det får jo vere grenser for kor mange sauebønder som er interesserte, seier Hilde Buer.

Då boka vart gitt ut for første gong, vart det med eit opplag på 1500. Neste opplaget var på 1000 bøker, og det same gjeld for tredje opplag. Buer skal selje 500 av bøkene sjølv.

Boka er ei allsidig bok om sauehald, ei slags lærebok. Den handlar om avl, fôring og stell av sau, i tillegg til litt historie om sauen, og korleis ein kan ta vare på innmarka ved hjelp av økologisk drift. Buer held kurs i sauehald der ho bruker boka som kursmateriell.

– Det var det som var opptakta til å skrive boka – å ha noko kursmateriell å basere seg på.

Sel to bøker i veka

Det er ikkje brukt ei krone på marknadsføring:

– Ryktet har eigentleg berre gått av seg sjølv. Eg får bestillingar rett som det er, og sel rundt to bøker i veka. Det var sjølvsagt litt meir då boka var ny, fortel Buer.

– Kven er aktuelle kjøparar av boka?

– Det er vel først og fremst personar som er interesserte i eller driv med sau, og folk som er opptekne av berekraftig landbruksdrift. Og så er det nokre husflidsfolk som er interesserte i kapittelet om ull, seier Buer.

Og no er ho spent på om ho får selt.

– Vi må vel berre ta tida til hjelp! Eg får lagre bøkene på loftet, så får vi sjå korleis det går, ler ho.

Over heile landet

Anne Britt Fedøy i forlaget Selja, som gir ut boka, synest det er veldig kjekt at ei bok om villsau kan gå så godt.

– Det er vel fordi det ikkje finst andre bøker om temaet på marknaden. Og sidan boka vert trykt for tredje gong, ser vi jo at det dekker eit behov.

Fedøy seier Hilde Buer er ein viktig ressurs og fagperson på feltet.

– Boka går godt over heile landet. Det er ei god lærebok og oppslagsbok, både om sauehald og ivaretaking av kulturlandskapet på kysten.

Artikkeltags