Olaug Nilssen fekk pris for sitt forfattarskap

FEKK PRIS: Forfattaren gir bort ein tredjedel av prisen på 200.000 kroner til trivselstiltak for dei tilsette på Tveiterås skole, Tjønnen dagsenter og Svartediksveien avlastning.

FEKK PRIS: Forfattaren gir bort ein tredjedel av prisen på 200.000 kroner til trivselstiltak for dei tilsette på Tveiterås skole, Tjønnen dagsenter og Svartediksveien avlastning. Foto:

Olaug Nilssen har fått Dobloug-prisen 2019 saman med Johan Harstad. Prisen er på 200.000 kroner.

DEL

Nilssen takka velferdsstaten i talen sin og gir bort ein tredjedel av prispengane øyremerka trivselstiltak for dei tilsette på Tveiterås skole, Tjønnen dagsenter og Svartediksveien avlastning.

Prisen vart delt ut på Norsk Litteraturfestival på Lillehammer tysdag kveld. Det skriv Samlaget i ei pressemelding.

Dobloug-prisen vart oppretta i 1938 på grunnlag av ei testamentarisk gåve frå den norske forretningsmannen Birger Dobloug til Svenska Akademien som oppretta eit fond i hans namn.

– Ein forfattar som utfordrar

Den norske Dobloug-komiteen arbeider på vegner av Svenska Akademien. Tidlegare vinnarar av prisen er mellom anna Vigdis Hjorth, Halldis Moren Vesaas, Arnulf Øverland, Kjartan Fløgstad, Jon Fosse og Gunvor Hofmo.

Dette seier mellom anna juryen om forfattaren frå Førde:

– Vi har å gjere med ein forfattar som skriv om det som brenn, uansett kva slags form stoffet tar. Olaug Nilssen er ein forfattar som utfordrar og engasjerer og utvilsamt har gjort seg fortent til Dobloug-prisen.

Er sjukemeld

Nilssen var ikkje sjølv til stades for å ta imot prisen. I takketalen skriv forfattaren at grunnen til det er at ho for tida er sjukemeld.

«Det finst ikkje så mange medievennlege «slik takla eg den tunge tida»-forteljingar i liva til foreldre til barn med store funksjonshemmingar, rett og slett fordi livet for mange pårørande forblir ein kamp. Men det er framleis ikkje så enkelt å identifisere seg offentleg som noko anna enn forfattar, som noko anna enn kontrollert. Slik blir dette nok ein arena for meg å avsløre svakheit, og det skulle eg ønske det ikkje var», skreiv ho i takketalen.

Ho takka alle som hjelper familien hennar i omsorga for eit hjelpetrengande barn og velferdsstaten.

«Velferdsstaten er det viktigaste i mitt liv, eg nærer ein stor og nesten religiøs kjærleik til han. Og det vil eg understreke med ein gest influert av kommunalt språk.»

Artikkeltags