Olaug si prisvinnande bok blir teken til scenen

SUKSESSRIKE SAMARBEIDSPARTNARAR: Regissør Marit Moum Aune og forfattar Olaug Nilssen t.h. har tidlegare hatt stor sukess med fleire teaterframsyningar. No er dei aktuelle med framsyninga «Stort og stygt» på  Det Norske Teatret i Oslo.

SUKSESSRIKE SAMARBEIDSPARTNARAR: Regissør Marit Moum Aune og forfattar Olaug Nilssen t.h. har tidlegare hatt stor sukess med fleire teaterframsyningar. No er dei aktuelle med framsyninga «Stort og stygt» på Det Norske Teatret i Oslo. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Marit Moum Aune drar i regitrådane når Olaug Nilssens prisvinnande roman «Tung tids tale» går til scenen. 

DEL

Boka, som har vunne Bragepris og blitt omtalt som «ei perle av ei bok», får nytt liv på scenen. Nilssens sjølvbiografiske roman handlar om livet med ein elska son – som forandrar seg. Guten som var så verbal mister plutseleg ord og vender seg innover.

Det tar tid å forstå kva som skjer, og ikkje minst tar det tid å få hjelp. Fortvilinga er stundom hjarteskjerande i «Tung tids tale», men sterkast lyser kjærleiken, skriv meldarane.
– Eg gleder meg over at boka skal bli dramatisert for teater. Det betyr eit fint nytt blikk på historia, og det betyr at forteljinga får leve vidare ein ny stad og kanskje når den nokre som ikkje kjenner den frå før, seier forfattaren til NTB. At ho har treft ei skikkeleg nerve hos lesarane sine med «Tung tids tale» er det ingen tvil om.
– Eg har fått så utruleg mange fine tilbakemeldingar. Mange har formidla at dette er noko dei kan kjenne seg att i. Å stå i ein krevjande omsorgssituasjon, er ein ting. Å ikkje få hjelp, eller bli forvirra med omsyn til kva hjelp ein eigentleg har krav på, og frå kven, gjer det heile ekstra belastande.
Ein av dei finaste tilbakemeldingane forfattaren har fått, er frå ein lesar som skildra boka som «kanskje den beste og sanneste beskrivelse av kjærlighet jeg noen gang har lest».

– Tilgjengeleg

Då Nilssen skreiv «Tung tids tale», hadde ho lært alt på den harde måten. Ho hadde banka på alle dørene, skrive til alle etatane og ringt fram og tilbake i byråkratiet.

– Det var eit ønske om å nå fram politisk som dreiv meg då eg skreiv. Derfor er også dette blitt ei meir tilgjengeleg bok enn mykje anna eg har skrive. Den skulle vere rett fram og ikkje for lang og komplisert.
Nilssen fortel at ho synest det er stort når skjønnlitteratur kan vere med på å skape politiske rørsler og å sette dagsorden.
– Eg har blitt lest av alt frå politikarar, byråkratar og vernepleiarar, og eg blir stadig invitert til ulike forum for å snakke om tematikken i boka.
– På same tid er eg realist. Eg ser at økonomien rundt om er som den er. Det er derfor ein aldri skal slutte å kjempe. Men eg tenkjer ofte på alle som ikkje har krefter til å kjempe.

Betyr mykje for folk

Nilssen seier ho har full tillit til regissør Marit Moum Aune og manusforfattar Toril Solvang som no skal reise forteljinga på scenen.

– Eg har hatt møter med manusforfattaren allereie. Når det gjeld Marit så har jo vi ei lang historie, ho har hatt regien for fleire dramatiseringar av mine bøker.
Moum Aune har sendt Nilssen-bøkene «Få meg på, for faen», «Vi har så korte armar» og «Stort og stygt» til teaterscenen. No gleder ho seg til ny dyst, og seier:
– Eg ser fram til å jobbe saman med Olaug Nilssen igjen. Heilt sidan «Skyfri himmel» har vi jobba saman om å lage teaterframsyningar som betyr mykje for folk. Dei opplever at det handlar om dei og deira liv.
Ho legg til: – «Tung tids tale» er ei sterk historie om kjærleik, om ei mor og son hennar, som eg trur alle vi som er foreldre kan kjenne oss att i.
Jon Bleiklie Devik, Julie Moe Sandø, Marianne Krogh og Siren Jørgensen/Charlotte Frogner står klare til å tre inn i rollene.
Urpremieren finn stad på Riksteatret i Nydalen 24. august, mens teppet går opp for turnépremieren på Kilden i Kristiansand 28. august.
Stykket skal så turnere med Riksteatret til 50 stader rundt om i Noreg hausten 2018 før det skal spelast på Det Norske Teatret våren 2019.

Artikkeltags