Kurt Arve frå Florø har blitt stjerne på YouTube

NETT-SUKSESS: Kurt Arve Liabø som sitt alter ego Kurt Arve Washburn.

NETT-SUKSESS: Kurt Arve Liabø som sitt alter ego Kurt Arve Washburn. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

– No har eg endeleg slått gjennom, men eg trudde ikkje det skulle bli som nettartist.

DEL

Kurt Arve Liabø frå Florø opplever enorm merksemd på nettet, etter å ha delteke i TV 2 sitt «Norske Talenter» med låten «The rainy days are not so bad».

  • Sjå YouTube-video under saka

Med sitt alter ego Kurt Arve Washburn har 38-åringen fengsla det norske publikumet både på fjernsyn og Internett. På Facebook er det oppretta 12 fanklubbar, florøværingen blir også flittig omtala på Origo og Nettby. No går videosnuttar med Kurt Arve sin sigersgang på YouTube.

– Det er ein draum som har gått i oppfylling, men no er det nesten for mykje av det gode, seier Liabø til Firdaposten.

Han har dei siste 25 åra laga kassettar, og seinare cd-ar, med over 300 songar. Artisten som lokalt også er kjend frå Florarevyen har også laga eigne musikkvideoar.

Ifølgje Firdaposten har 38-åringen no inngått avtale med selskapet Aspiro som sel Liabø si hitlåt på nettet og mobil.

firda.no har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne lenkjer.

Artikkeltags