Museet i Førde har mista 1236 besøkande på eitt år

Sogn og Fjordane Museum som ligg i krysset i Langebruvegen i Førde sentrum

Sogn og Fjordane Museum som ligg i krysset i Langebruvegen i Førde sentrum Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KULTUR: Musea i Sogn og Fjordane aukar totalt sett, men museet i Førde har markant nedgang.

DEL

Frå i fjor til i år fekk Musea i Sogn og Fjordane 2.219 fleire besøkande. Det er ein vekst på 4,7 prosent, skriv Musea i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Dei fleste av musea har nedgang. Det er tre museum med svært god vekst som reddar totalbildet: Kystmuseet i Sogn og Fjordane (Florø), Norsk Reiselivsmuseum (Balestrand) og Sogn kunstsenter (Lærdal).

Stor nedgang i Førde

Sogn og Fjordane Museum i Førde hadde den største nedgangen i reine besøkande. Besøkstalet gjekk ned frå 5413 til 4177, ein nedgang på 22,8 prosent.

– Hovudforklaringa er færre utstillingsopningar i 2018 samanlikna med året før. Evaluering av årets sesong og planlegging av 2019-sesongen vil bli nokre av dei første oppgåvene som nytilsett avdelingsdirektør Hanne Storm Ofteland vil gripe fatt i når ho kjem 1. oktober, skriv Musea i Sogn og Fjordane i pressemeldinga.

Kystmuseet i Florø dobla besøkande

Sogn kunstsenter i Lærdal hadde 21 prosent vekst:

– Sogn Kunstsenter har hatt ein god prosentvis auke i besøket samanlikna med 2017, men besøket er framleis for lågt i høve til det vi meiner er potensialet for Hans Gjesme sin kunst, skriv dei.

Reiselivsmuseet i Balestrand hadde 51,9 prosent vekst og gjekk opp med 2005 besøkande.

– Noko av forklaringa på veksten kjem av at vi har satsa ekstra på gruppemarknaden, og at vi har vore fleksible også utanom ordinær opningstid.

Kystmuseet i Florø hadde ein formidabel vekst på 93,1 prosent. Dei auka besøkstala frå 4542 til 8771 besøkande.

– Ei viktig forklaring på den sterke besøksveksten er deltakinga på Fjordsteam i Bergen med autolinebåten «Haugefisk». Heile 2.496 personar besøkte båten. I tillegg til «Barnas Kystmuseum», konsertar og aktivitetsveker, har Kystmuseet hatt stor aktivitet på formidlingsopplegg for skular og barnehagar, skriv dei.

Artikkeltags